Medisinstudiet campus Bergen/Førde
Som student på campus Bergen/Førde tar du dei fyste tre studieåra av medisinstudiet i Bergen, og dei tre siste i Førde. På denne campusen er det 20 studieplassar, så du blir del av ein liten gruppe. Dykk kjem til å samarbeide tett med både kvarandre, og med undervisarar og legar.
Hovedinnhold
Om campus Bergen/Førde
Dei fyrste tre studieåra vil du bo og studere i Bergen. Du vil få moglegheit til å bli kjend med ein rekkje ulike andre medisinstudentar, då mykje av undervisninga vil vere saman med studentar frå campus Bergen og campus Bergen/Stavanger.
Etter tre studieår i Bergen, flyttar du, saman med resten av kullet ditt, til Førde. Her vil du ha undervisning på eller ved Førde sentralsjukehus. Delar av sjukehuset blei opna i 2024, så her får du moglegheit til å nyte av heilt nye fasilitetar. I media har det blitt omtalt som “kanskje verdas beste og mest moderne sjukehus”. Undervisninga i Førde vil vere klinikknær og det vil vere fokus på arbeid i mindre grupper.
Førde er ein liten studentby kor du blir lett kjend med andre. Høgskulen på Vestlandet (HVL) har også en eigen campus her, med fleire helseutdanningar på bachelor- og masternivå. UiB og HVL har eit tett samarbeid. Du vil ha tilgang til ulike studentlokalar, som simuleringsområde, kor du kan øve deg på medisinske prosedyrar, i tillegg til lesesal, bibliotek og kantine.
Det er eit godt og samansveisa studentmiljø i Førde. Du finn mellom anna Studentsamfunnet i Førde (SIF), som driftar Førdes studentbar Akutten. SIF arrangerer sosiale aktivitetar som quiz, konsertar og klatring, som er open for alle studentar i Førde. Er du ekstra glad i sport og idrett er kanskje Førde Student Idrett (FSI) noko for deg. Ønskjer du å opprette ein ny studentorganisasjon kan Sammen hjelpe deg med det.
Førde kan også by på storslått natur og ein rekkje turområde. Førde er eit bra sted for alt frå fjellturar, sti-sykling, rafting og padling. Om vinteren er det gode moglegheiter for å stå på ski, både langrenn eller slalåm på eit av dei nærliggjande skisentera.
Studiets oppbygging
Dei tre siste åra av medisinstudiet vil vere likt bygd opp, uansett kva for ein campus du vel å studere ved. I oversikta under kan du sjå kva for tema du vil lære endå mei om dei tre åra i Førde.
Fjerde til sjette studieår:
I Førde vil du lære meir om nevrologi, psykiatri, øye og øre-nase-hals. Du vil også lære om ulike typar kirurgi, nyre/urinveg, kroppens hormonsystem, blod, hud og sjukdomsprosessar.
Du skal også innom tema som kvinnehelse, pediatri og genetikk. Du lærer om samfunns-, arbeids-, og rettsmedisin, i tillegg til førebyggjande medisin, kreft og smertelindring ved livstruande sjukdom. Rus og internasjonal helse er også tema du skal innom.
I femte studieår skal du levere hovudoppgåva. Denne er eit sjølvstendig akademisk arbeid om eit tema du har fordjupa deg i.
I slutten av studieløpet skal du lære om allmenn- og trygdemedisin, fordøyelse, sirkulasjon, respirasjon og rørsleapparatet. Du vil også lære om trope-, akutt- og intensivmedisin.
I sjette studieår vil du mellom anna gå igjennom alt du har lært i løpet av studiet, og sjå på behandling av vanlege sjukdommar og akuttmedisinske tilstandar.
I løpet av dei tre siste åra, vil du ha to frie periodar på fire veker, kor du kan ta elektive emne. Dette betyr at du vel eit eller fleire mindre emne om tema du interessere deg for. Emna går i starten av vårsemesteret kvart år.
Merk: Det kan skje mindre strukturelle endringar i studieprogrammet (som rekkefølge på emne ol.), fram mot studiestart, då dette er eit relativt nytt studieløp.