Hjem
Det medisinske fakultet
Medisinstudiet

Medisinstudiet campus Bergen/Haugesund

Som student på campus Bergen/Haugesund tek du dei første tre studieåra av medisinstudiet i Bergen, og dei tre siste i Haugesund. Campusen har 20 studieplassar, så du blir del av eit tett studentmiljø.

Hovedinnhold

Om campus Bergen/Haugesund 

Dei første tre studieåra vil du bu og studere i Bergen. Du vil få moglegheit til å bli kjend med ei rekkje andre medisinstudentar, då mykje av undervisninga vil vere saman med studentar frå campus Bergen, Bergen/Stavanger og Bergen/Førde.

Etter tre år i Bergen flyttar du og kullet ditt til Haugesund for dei siste tre åra av studiet. Her vil du få undervisning ved Haugesund sjukehus og praksis på sjukehuset, samt i kommunane i regionen. Sjukehuset er nyleg bygd ut, og byggetrinn 2 står ferdig i 2027. Som student vil du vere tett på klinikken, med nyoppussa studentareal sentralt plassert i sjukehuset. Det gir kort veg til pasientane og ei undervisning som er pasientnær og praksisorientert.

Like ved studentareala finn du forskingsavdelinga og simuleringssenteret. Du får tilgang til bibliotek og lesesalar. Sjukehuset ligg midt i sentrum, med gode kollektivforbindelsar.

Helse Fonna dekkjer regionane Haugalandet, Hardanger og Sunnhordland. Dei har tre somatiske sjukehus: Haugesund, Odda og Stord. I tillegg har dei eit psykiatrisk sjukehus på Valen. Helse Fonna gir helsehjelp til om lag 180 000 personar.

Haugesund er ein livleg kystby med eit aktivt studentmiljø. Studentsamfunnet har sitt eige samlingsstad, Stødden, der det blir arrangert konsertar, quiz, temafestar og andre sosiale aktivitetar. Her kan du òg engasjere deg som frivillig. 

Byen byr på eit breitt spekter av fritidsmoglegheiter: kort veg til kjende turmål som Trolltunga, Preikestolen, Folgefonna, Himakåno og Etnefjella. Om vinteren kan du finne vegen til skisenter i Røldal og Sauda, eller gå på ski til Olalia eller på Seljestad.

Haugesund og kommunane rundt er kjent for festivalar som Vangenfestivalen, og har eit rikt kulturliv med konsertar, teater og kino. 

Studiets oppbygging 

Sjå studieprogramsida for medisin for å sjå kva for emne du skal ta dei første tre åra av studiet. Dei tre siste åra av medisinstudiet vil vere likt bygde opp, uansett kva for campus du vel å studere ved. I oversikta under kan du sjå kva for tema du vil lære endå meir om dei tre åra i Haugesund.  

Fjerde til sjette studieår:  

I Haugesund vil du lære meir om nevrologi, psykiatri, auge og øyre-nase-hals. Du vil også lære om ulike typar kirurgi, nyre/urinveg, kroppens hormonsystem, blod, hud og sjukdomsprosessar.

Du skal innom tema som kvinnehelse, pediatri og genetikk. Du lærer om samfunns-, arbeids- og rettsmedisin, i tillegg til førebyggjande medisin, kreft og smertelindring ved livstruande sjukdom. Rus og internasjonal helse er også tema du skal innom.

I femte studieår skal du levere hovudoppgåva. Denne er eit sjølvstendig akademisk arbeid om eit tema du har fordjupa deg i.

I slutten av studieløpet skal du lære om allmenn- og trygdemedisin, fordøying, sirkulasjon, respirasjon og rørsleapparatet. Du vil også lære om trope-, akutt- og intensivmedisin.

I sjette studieår vil du mellom anna gå gjennom alt du har lært i løpet av studiet, og sjå på behandling av vanlege sjukdommar og akuttmedisinske tilstandar.

Merk: Det kan skje mindre strukturelle endringar i studieprogrammet (som rekkjefølgje på emne o.l.), då studieplanen er under revisjon.