Hjem
Det medisinske fakultet
Prosedyrar

Godkjenning av tidlegare utdanning ved Det medisinske fakultet

Innpassing, godkjenning og fritak.

Penn og papir
Foto/ill.:
Eivind Senneset

Hovedinnhold

Søknadsprosedyre

For å søkje om å få innpassa tidlegare norsk eller utanlandsk utdanning i graden din ved Det medisinske fakultet må du fylle ut skjemaet som du finn her: 

Her finn du skjema for å søke innpassing

Hugs at det må fylles ut i god tid før det vert avhalde eksamen i faget/faga du søkjer fritak frå.

Det går fram av søknadsskjemaet kva dokumentasjon som skal visast fram og/eller leggjast ved søknaden. Det medisinske fakultet vil normalt hente inn resultata dine elektronisk frå andre norske lærestader. Du treng difor ikkje å ettersende/vise fram originale karakterutskrifter eller vitnemål for dokumentasjonskontroll.

Sjekk om vi kan hente inn resultata dine i denne oversikten over universitet og høgskular.

Det er naudsynt å følgje obligatorisk undervisning i faget/faga du søkjer fritak frå fram til svar på søknaden er kjent. Dersom søknaden ikkje vert tatt til følgje kan manglande undervisningsaktivitet medføre stryk og i verste fall nedflyttingssak.

Du vil få vedtaksbrev med svar på søknaden tilsendt i posten. 

Ex.phil.

Ex.phil. frå UiB
Har du tatt ex.phil. ved Universitetet i Bergen, skal du ikkje søke om innpassing. Inpassinga vil bli gjort automatisk.

Ex.phil. frå andre lærestadar 
Dersom du har tatt ex.phil. ved ein anna norsk utdanningsinstitusjon, må du søkje om innpassing. Du nyttar same søknadsskjema som ved innpassing av andre emne i grad (sjå "Søknadsprosedyre").

Sjekk om vi kan hente inn ex.phil.-resultatet ditt elektronisk i denne oversikten over universitet og høgskular.

Legg merke til at ex.phil. er vekta med 10 studiepoeng ved Universitetet i Bergen. Dersom du har tatt ein ex.phil.-variant som har færre studiepoeng, til dømes 7,5 studiepoeng ved NTNU, vil du få for lite studiepoeng. I så fall vil vi i tillegg innpasse studiepoeng av anna tidlegare utdanning, eller du kan ta eit ekstra emne ved UiB. 

Fullført grad
Dersom du har ein bachelorgrad utan ex.phil., kan du likevel få fritak for ex.phil. Har du graden din frå utlandet, må du vise fram original karakterutskrift/vitnemål i Informasjonssenteret i Armauer Hansens hus. Dersom du får fritak for ex.phil., vil vi innpasse 10 studiepoeng frå eit anna emne du har tatt. Du treng difor ikkje ta eit anna emne ved UiB for å erstatte ex.phil.

Norsk utdanning

Har du eksamen i tilsvarande fag som inngår i ditt noverande studieprogram frå Universitetet i Bergen eller andre norske utdanningsinstitusjonar, kan du søke om fritak frå enkeltemne.

Dersom den tidlegare utdanninga vert vurdert som fagleg tilstrekkjeleg til heilt eller delvis å erstatte fag på studieprogrammet ditt, får du fritak frå undervisning/eksamen, og den tidlegare utdanninga vert innpassa i utdanningsplanen din. Legg merke til at innpassinga er programspesifikk. Skiftar du studieprogram må du difor søkje om ny innpassing sjølv om studieprogramma inneheld fleire av dei same emna.

Ved vurdering av fritak for eksamen/undervisning skal det normalt ikkje ha gått meir enn fem år sidan eksamen/undervisning i emnet vart gjennomført (gjeld ikkje for eksamen i Ex.phil eller Medisinsk nomenklaturlære). Dette for å sikre den faglege oppdateringa hjå studentane. 

Ver merksam på at dersom du har fått godkjent fritak frå enkeltemne, kan studiepoengproduksjonen din verta mindre enn Lånekassen reknar som fulltidsstudium per semester (30 sp). Dette er ei sak mellom deg og Lånekassen. For å oppretthalde ein normal studiepoengproduksjon kan du eventuelt ta opne emne ved andre fakultet på UiB. Hugs at semesterregistreringsfristen er 1. september for haustsemesteret og 1. februar for vårsemesteret.       

Fritak for eksamen i enkeltemne eller heile studieår gir ikkje automatisk grunnlag for overføring til høgare kull, men er avhengig av at det er ledige plassar på kullet.

Søke om opprykk?

Etter at du har kommet inn på studiet, kan du søkje fritak frå emner dersom du har avlagt tilsvarande eksamener ved tidlegare studier, og deretter kan du søkje om opprykk til høgare kull. Legg merke til at opprykk til høgare kull bare tillates dersom det er ledig plass på det aktuelle kullet, og at «ledige plasser» på høgare kull er unntaket heller enn regelen. Søknad om fritak og opprykk er faglege vurderingar og eventuelle søknader vil ikkje bli behandla før du har fått opptak og takka «ja» til studieplassen gjennom Samordna Opptak.

Utanlandsk utdanning

Ønskjer du å få innpassa utdanning tatt i utlandet i graden din, må du kunne dokumentera heile utdanninga med karakterutskrift og/eller vitnemål som viser omfang, nivå og innhald av utdanninga. Studie- eller fagplanar må være stadfesta av den aktuelle institusjonen eller finnast som ei offisiell studiehandbok/universitetskatalog eller nettside.  

Eigne prosedyrar gjeld for innpassing/endeleg godkjenning av delstudium i utlandet.

Vitnemål

Emne som du har tatt ved UiB og får innpassa i ein ny grad, vert vist på vitenmålet med emnekode og den karakteren du fekk i emnet. Emne du får innpassa frå andre utdanningsinstitusjonar i Noreg vert vist med resultatet "innpassa", ikkje karakter.