Hjem
Det medisinske fakultet

Nominasjon av kandidatar til kreftforskingspris

Kreftforeininga inviterer til nominasjon av kandidatar til Kong Olav V sin kreftforskingspris for 2014.

Kong Olav Vs Kreftforskningsfond blei oppretta i 1992 til minne om Kong Olav V.

Fondet deler kvart år ut ein pris til ein kreftforskar, eller ei gruppe av kreftforskarar, som har bidrege til å fremje norsk kreftforsking.

Prisen blir delt ut av H.M. Kong Harald i ei høgtideleg markering.

Frist for nominasjon er 22. november 2013.

Les meir om retningslinjer, kriterium og nominasjonsprosedyre på nettsidene til Kreftforeininga.