Kategoriteori

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Kategoriteori er eit matematisk språk og verktøy som dannar grunnlag for å formalisere ei rekkje daglege omgrep. Den er høgst relevant for datahandsaming - den gjev avanserte metodar for skildring og resonnering kring komplekse situasjonar som involverer strukturerte objekt. Kategoriteori fokuserer særskild på tilhøvet mellom dei aktuelle studieobjekta og prinsipp for å konstruere desse.

 

Innhald:

Emnet gir ei innføring i kategori-teoretiske omgrep og metodar. Det vert lagt vekt på bruk av kategoriteori i programmering og modellering.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

Studenten

  • er kjent med grunnleggjande kategorielle omgrep, resultat og konstruksjonar som inkluderer kategori, funktor, naturlig transformasjon, funktorkategori, skivekategori, pullback og pushout,
  • er kjend med kategoriell tenking og kan bevise grunnleggjande teorem.

 

 

Ferdigheiter

Studenten

  • kan forklare kategorielle omgrepa, resultata og konstruksjonane ved hjelp av informatikkdømer
  • ha grunnleggjande ferdigheiter i å bruke kategori teori for å strukturere og formalisere typiske situasjonar i informatikk som involverer meir komplekse strukturar
  • er i stand til å tileigne seg vidaregåande tema frå litteraturen

 

Generell kompetanse

  • Studenten kan planleggje og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som strekker seg over tid, aleine og som deltakar i ei gruppe,
  • kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillinger og løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer, og
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre med bakgrunn innafor fagområdet og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis.

Studiepoeng, omfang

10 ECTS

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer
Inntil 6 timar per veke i 13 veker med organiserte førelesningar og laboratoriegrupper.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjende obligatoriske oppgåver.
Obligatoriske aktiviteter er gyldige i to semester, det semesteret aktiviteten godkjennes samt det påfølgjande semesteret.
Vurderingsformer
Munnleg eksamen. Det er høve til å gje poeng på obligatoriske oppgåver som kan inngå i sluttkarakteren.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studierettleiar
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.