Praktisk utviklingsarbeid og rollen som intern og ekstern utviklingsagent: studentfirma

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet er ei vidareføring og utviding av MAPSYK321 (Leiar-, team- og organisasjonsutvikling) og MAPSYK322 (Arbeidsmiljøarbeid og konflikthåndtering). I emnet får studentane ei teoretisk og erfaringsbasert skulering i den anvendte sida av utviklings- og rådgjevingsarbeid i organisasjonar. Emnet gir studentane oversikt over og innsikt i organisasjonsutvikling som fagleg aktivitet og sentrale problemstillingar knytta til utøving av rolla som intern eller ekstern endringsagent/organisasjonsrådgjevar/konsulent, samt innhaldet i slikt arbeid frå førebuing/mandat/oppdragsinngåing via praktisk gjennomføring, til evaluering og læring, samt etiske spørsmål knytt til konsulentrolla.

Med utgangspunkt i teori og modellar skal studenten få innsikt i kva ulike roller, metodar og innfallsvinklar han/ho i praksis kan gjere seg nytte av som organisasjonsrådgjevar/endringsagent og problem knytte til rolleavgrensing (rollekonflikt og rolleuklarleik), samt etiske og faglege dilemma ein kan møte i denne rolla. Emnet skal også gi studenten praktisk erfaring med slikt arbeid ved at ein innan rammene av «Studentfirmaet» der ei gruppe studentar vert engasjert av ei ekstern verksemd til å gjennomføre eit nærare spesifisert oppdrag under rettleiing frå faglærar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten har

  • Forskningsbasert kunnskap om anvendt organisasjonsutvikling
  • kunnskap om ulike roller og arbeidsmetodar ein kan nytte som intern eller ekstern endringsagent/organisasjonsrådgjevar
  • Kunnskapar rundt gjennomføring av eit praktisk konsulentoppdrag gitt av ein ekstern oppdragsgjevar

Dugleikar

Studenten kan:

  • Inngå og gjennomføre eit oppdrag med ekstern oppdragsgjever, herunder utarbeide mandat og oppdragsbeskriving
  • Reflektere over og drøfte ulike aspekt knytt til rolla og arbeidsmetodar som organisasjonsrådgjevar i praksis, med utgangspunkt i sine erfaringa i "Studentfirmaet"
  • Identifisere og reflektere over etiske problem og dilemma i rolla som intern eller ekstern endringsagent/organisasjonsrådgjevar

Generell kompetanse

Studenten kan:

  • Gjennomføre aktivitetar eller oppdrag overfor eksterne bedrifter, tilsvarande det som vart gjennomført i "Studentfirmaet"

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
MAPSYK321 og MAPSYK322 eller tilsvarande.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Oppmelding til emnet krev opptak ved masterprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vert gitt i form av 5 førelesingar á 3 timar.

Det vil bli gitt eit seminar om rettleiingsarbeid over 12 timar.

Det vil bli gitt inntil 6 timar rettleiing i grupper (a´ seks studentar) knytt til arbeidet i studentfirmaet. Ulike grupper med ulike oppdrag får rettleiing saman av faglærar.

Praksis i «Studentfirmaet»

Studentane skal her arbeide samen i grupper på 2-4 studentar med eit praktisk utviklingsarbeid etter oppdrag frå ei gitt verksemd. Ansvaret for å skaffe og koordinere praksisopphold i vil ligge hos emnenansvarlig. Arbeidet er berekna til ca 4 vekers fulltids arbeid. Oppdragsgjevarar for studentfirmaet vil variere frå gjennomføring til gjennomføring, og vil vere basert på reelle førespurnader frå offentlege og private verksemder, i all hovudsak frå Bergensregionen. Emneansvarlig vil før kvar gjennomføring ta kontakt med aktuelle verksemder basert på det nettverk faglærarane har frå tidlegare gjennomføringar og frå kjennskap til eigne tidlegare studentar, samt frå kjennskap gjennom universitetet sin alumni-organisasjon. Eventuelle utgifter til sjølve oppdraget vert dekka av oppdragsgjevar. Studentar kan ikkje ta imot noko form for kompenasjon frå oppdragsgjevar, ei heller ta på seg andre oppdraget i etterkant av oppdraget så lenge dei er student ved UiB. Typiske oppdrag vil kunne vere:

  • Kartleggings- og evalueringsoppgåver
  • Utgreiingsoppgåver
  • Kortvarig utviklingsbistand innan leiing og samarbeid
  • Førelesingar om ulike organisasjonspsykologiske tema
  • Kurs/seminar innan ulike organisasjonspsykologiske tema o.a.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga vert gitt i form av 5 førelesingar á 3 timar.

Det vil bli gitt eit seminar om rettleiingsarbeid over 12 timar.

Det vil bli gitt inntil 6 timar rettleiing i grupper (a´ seks studentar) knytt til arbeidet i studentfirmaet. Ulike grupper med ulike oppdrag får rettleiing saman av faglærar.

Ansvaret for koordinering av praksisopphold i organisasjoner vil ligge hos emnenansvarlig.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Undervisinga og deltaking i praksiselementet er obligatorisk.

Det vert stilt krav om minimum 80% deltaking i undervisinga.

Studentane skal gjennomføre oppdraget i samsvar med oppdragsgjevars tilfredsstilling. Studentane som arbeidar saman på oppdraget skriv i fellesskap ein rapport (1000-2000 ord) som dokumenterer korleis sjølve oppdraget og det praktiske arbeidet vart utført. Rapporten godkjennast av praksisrettleiar.

I etterkant skal det skrivast eit refleksjonsnotat som dokumenterer det utførte arbeidet.

Dei obligatoriske aktivitetane (oppdrag i henhold til bestilling/rapport og refleksjonsnotat) må vere godkjende for å få bestått emne.

Vurderingsformer

Emneansvarleg følgjer opp oppdragsgjevarane for ei kort munnleg evaluering av oppdraget. Om oppdragsgjevar er misnøgd med gjennomføring av oppdraget, vil denne bli beden om å utarbeide ei skriftleg klage på studentane sitt arbeide. Emneansvarleg vil vurdere om arbeidskravet er tilfredsstilt basert på studentanes rapport, saman med eventuell klage og annan innhenting av informasjon.

Eksamen har form av eit refleksjonsnotat der eige prosjektarbeid vert presentert fagleg og der rammer og eigen gjennomføring vert kritisk drøfta (inntil 6000 ord).

Refleksjonsnotat frå studentane vert utarbeida i samarbeid mellom dei studentane som også har arbeida saman på oppdraget og det vert gitt ein felles vurdering på arbeidet. Notatet skal innehalde ei skildring av oppdraget frå mandat i den arbeidsprosess som er nytta, fram til ei kritisk fagleg analyse og drøfting av praksisopphaldet og oppdraget som er utført. Medan den obligatoriske rapporten dokumenterer sjølve tenesta og det arbeid som oppdragsgjevar har motteke, skal ein i refleksjonsnotatet skildre den arbeidsprosess som ein har nytta, vurdere dei rammer ein har hatt for oppdraget, vurdere og drøfte dei val ein har tatt undervegs, samt evaluere kvalitet og nytte av det utførte oppdraget ut frå teori og faglege standardar. Refleksjonsnotatet skal også innehalde refleksjon over eige læringsutbyte.

Karakterskala
Greidd/ ikkje greidd
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07 for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.

Anbefalt litteratur presenterer sentrale teoriar, perspektiv, metodar og drøftingar som omhandlar anvendt organisasjonsutvikling og rolla som konsulent/organisasjonsrådgjevar, herunder etiske problemstillingar og faglege dilemma i slikt arbeid.

Emneevaluering
Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Institutt for samfunnspsykologi
Emneansvarleg
Institutt for samfunnspsykologi
Administrativt ansvarleg
Det psykologiske fakultet