Hjem

Tysk

Hovedinnhold

Vil du lære eit språk som er enkelt for nordmenn å beherske bra (jf. tysk beherrschen), og kunne snakke med 100 millionar tyskspråklege europearar på morsmålet deira? Vil du kunne lese store forfattarar som Franz Kafka, Günter Grass og Herta Müller på originalspråket? Vil du bli betre kjent med eit sentraleuropeisk område med ein rik kultur?

Fagkoordinator: Kjetil Berg Henjum
Studierettleiar: Gita Rongevær
Eksamenskonsulent:  Turid Daae

Tyskstudiet gir deg god kjennskap til tysk språk, tyskspråkleg litteratur og kultur, og det set deg i stand til å kommunisere på tysk om faglege og daglege emne.

Eit studium i tysk vil skaffe deg etterspurt undervisningskompetanse i skolen, og gi eit solid grunnlag for å arbeide i næringslivet eller med kulturformidling retta mot det tyskspråklege Europa. Dugleik i tysk er viktig for ein liten nasjon som Noreg, fordi dei tysktalande landa spelar ei sentral rolle i det moderne Europa og Tyskland er vår nest største handelspartnar.

Vi tilbyr 100-nivå-emna på tysk som nettbasert fjernundervisning i tilegg til den tradisjonelle campus-baserte undervisinga. Desse emna har eigne søknadsfristar. 

 

Nyhet
Bilde av Gerard Doetjes

Tysk for morgondagen

Tyskfaget slit med rekrutteringa og møter motstridande forventningar. Tysklandsseminaret i Bergen 23. oktober møter utfordringane med fagleg funderte svar.

Studer fremmedspråk
Robin eriksen studerer språk fremmedspråk tysk

Den perfekte miksen av språk, historie og kultur

- Når du studerer fremmedspråk får du kunnskap om andre land og deres språk og historie. Vi lærer også mye om hvordan vi kan kommunisere med ulike kulturer, sier Robin Eriksen.

Visste du at ...

13 tyskspråklege forfattarar frå fem ulike land har blitt tildelt Nobelprisen i litteratur.