Deglasiasjon av øvre del av Raundalen, Voss
Dette masterprosjektet er tildelt Fredrik Havnør Paulsen som startet på masterprogrammet i geovitenskap, UiB, høsten 2025. Masterprosjektet tilhører forskergruppen Kvartærgeologi og Paleoklima.
Hovedinnhold
Prosjektbeskrivelse
Raundalen er ein verna dal som strekk seg frå Voss i vest til Upsete i aust. Dalen har ein svært variert kvartærgeologi. Dette prosjektet fokuserer på dei nordaustlege delane av dalsystemet, i hovudsak Ljosanddalen, Stordalen og Stretadalen nord for Mjølfjell. I desse dalane finn me spor av strandlinjer som truleg stammer frå ein bresjø som var demd opp mot slutten av siste istid. Dette har implikasjonar for korleis isdekket var på denne tida, samt drenering av smeltevatn og til slutt ein tapping vestover. Basert på høgda på strandlinjene indikerer desse at vatnet vart leia over eit passpunkt mot Flåmsdalen. Prosjektet ønsker å kartlegge utbreiing av den bredemde innsjøen, samt datere når denne eksisterte/vart tappa basert på borkjernar frå vatn eller myr i nedslagsfeltet. Vidare vil prosjektet gjennomføre
kvartærgeologisk kartlegging av dalane kring for å få ein betre forståing av deglasiasjon i området. Forskingsspørsmål: Når eksisterte den bredemde innsjøen i Raundalen? Kva implikasjonar har dette for utbreiinga av det skandinaviske isdekket mot slutten av istida? Kva spor etter tapping finn vi?
Test (arbeid): Studenten skal gjennomføre ei kvartærgeologisk kartlegging ved hjelp av feltarbeid (1-3 veker), og
studiar av LIDAR og flyfoto som seinare skal integrerast i GIS. Studenten skal vera med på kjernetaking i felt, samt
gjennomføre lab-arbeid av innsamla materiale.
Foreslåtte emner i spesialiseringen (60 stp):
GEOV205 (10 sp) – Geografiske informasjonssystem: Teori og praksis
GEOV230 (10 sp) – Glasialgeologi og geomorfologi
GEOV336 (10 sp) – Lab- og metodekurs i kvartærgeologi
GEOV324 (5 sp) – Paleoklima i polare strok
GEOV302 (10 sp) – Dataanalyse i geovitskap
GEOV322 (5 sp) – Masterekskursjon i kvartærgeologi
Særskilte krav for opptak til prosjektet / Prerequisites
GEOV110 (10 sp) Innføring i eksogene prosessar og paleoklima
Felt- lab- og analysearbeid
Kartlegging av kvartærgeologien i Stordalen og Såtedalen med særleg vekt på spor etter bredemde innsjøar (1-3
veker). Kjernetaking av myr eller innsjø i nedslagsfeltet. Lab-arbeid (ca 2-4 veker).