Hjem
Institutt for geografi

Ut i naturen med masterstudentar i naturgeografi

NRK og Ut i naturen var med masterstudentar i geografi og geologi ved UiB på feltkurs frå Vestlandet til Austlandet.

Hovedinnhold

Programmet Landskapsgrublerier vart resultatet då NRK var med professor Svein Olaf Dahl og masterstudentane på feltkurs. NRK omtalar sjølv programmet slik:

 

"Dei brukar sommaren til å gruble over snøen som falt for titusenvis av år sidan. Bli med på studenttur i det fri og oppdag den iskalde forskjellen mellom Vestlandet og Austlandet."

 

Emnet GEO341 Mastergradsfeltkurs i naturgeografi er obligatorisk for masterstudentane i naturgeografi. Gjennom feltundersøking og ekskursjon får studentane ei brei innføring i aktuelle naturgeografiske problemstillingar og forskingstema i Noreg. Langs eit vest-aust transekt i Sør-Noreg frå Måløy i ytre Nordfjord til Østerdalen får studentane eit innblikk i dei agensene som har forma dette landskapet.

 

Sjå programmet her:

Lanskapsgrublerier i Ut i naturen på NRK