Tildeling av Studiekvalitetsprisen 2025
Masterprogrammet vårt vart tildelt Studiekvalitetsprisen 2025!
Hovedinnhold
Årets studiekvalitetspris 2025 vart tysdag tildelt masterprogrammet vårt Politics and Governance of Global Challenges!
Prisen vert delt ut årleg til eit fagmiljø som aktivt jobbar for å utvikle kvaliteten på utdanningane sine. Det vert også vektlagt om det er eit samarbeid mellom studentar og fagpersonale i planlegginga og gjennomføringa.
Og det er nett dette som kjenneteiknar masterprogrammet vårt. Det heile byrja med eit sterkt ynskje om at studentane skulle få vere med på å forme sitt eige studieprogram. Det vart arrangert workshops der studentane fekk høve til å påverke innhaldet og utforminga av masteren. Desse innspela vart tatt vidare av fagmiljøet på instituttet.
Sidan då har dette samspelet blomstra vidare, og vore ein sentral del av programmet. Kvart år vert det oppretta ei evalueringsgruppe som er sett saman av studentar frå programmet. Denne gruppa gir verdifulle tilbakemeldingar og erfaringar, som bidreg til vidare utvikling av programmet.
Dette arbeidet er med på å sikre høg kvalitet for alle studentane, og viser kor viktig studentstemma og påverkingskrafta deira er for å skape framtidsretta utdanningar.
Vi er utruleg stolte av å ta imot denne prisen, som er eit resultat av lagarbeid, engasjement og ein raus og ambisiøs fagkultur. Tusen takk til alle som har vore med på reisa så langt!
Professor Lise Rakner og professor Regine Paul tok imot prisen saman med studentane Johan Thanh Binh Nguyen og Anne Marthe Borgen.
