Hjem
Klima og energiomstilling
Nyhet

– UiB sitt potensiale for energiomstilling er stort

Kristin Guldbrandsen Frøysa har hatt eitt år i stillinga som energidirektør ved Universitetet i Bergen. Her er dei viktigaste erfaringane ho har gjort seg. 

Kristin Guldbrandsen Frøysa, energidirektør ved UiB
ENERGIDIREKTØR: Kristin Guldbrandsen Frøysa ser på det å inspirera andre til samarbeid og å tenkja nytt som ein av sine viktigaste oppgåver.
Foto/ill.:
Jens H. Ådnanes, UiB

Hovedinnhold

Då Kristin Guldbrandsen Frøysa starta som energidirektør i 2018 var hovudmålet hennar å skapa eit betre samarbeid med regionen og å mobilisera fagfolk på heile Universitetet i Bergen (UiB) til å delta i universitetet si satsing på energiomstilling (lenke).

– Ei av UiB sine store styrker er at det er eit sterkt næringsliv i regionen. Me vil både skaffa dei gode kandidatar og ha ein god dialog. 

Ho ser på det som ein av sine viktigaste oppgåver å arbeida for at næringslivet skal få det dei treng frå UiB. 

– Utan at det går på akkord med UiB sine verdiar, sjølvsagt. Næringslivet kan styrkast både gjennom forskinga vår og gjennom studentane våre. Utplassering av studentar gjev ei god forståing av kva problemstillingar næringslivet har. Nesten alle studentane våre skal finna arbeid utanfor universitetet og nytta fagkunnskapen sin der. 

I september 2018 vart Bergen Offshore Wind Centre (BOW) opna. Senteret samlar UiB si satsing på havvind,  det vil seia straumproduksjon frå vindturbinar til havs. 

– BOW er eit viktig steg. Me arbeider for fleire slike tematiske senter, seier Guldbrandsen Frøysa. 

Skal motivera andre

Rolla som energidirektør inneber å både vera ein representant for fagmiljøa, men også ein person som motiverer andre.

– Ein viktig del av jobben er å vera ein slik katalysator – ein som får andre til å mobilisera og vera ein person som folk kan ta kontakt med. 

Ei anna viktig oppgåve har vore å gjera energi-ekspertane på UiB meir synlege. Det har mellom anna resultert i fleire lesarinnlegg om både land- og havvind. Statsminister Erna Solberg fekk fakta om flytande havvind på bordet i Sysla.

Energidirektøren trur det er viktig å delta i debattar. 

– Det er ein del av rolla vår å ta stilling, ikkje partipolitisk, men basert på fakta. Slik får me både fram riktig og viktig informasjon, samt gjera folk klare over at me har ekspertisen på UiB, seier ho. 

Framsnakking er nøkkel

– UiB sine musklar er mykje sterkare enn eg hadde trudd då eg starta, seier ho. 

Breidda i kunnskap på fleire tema er ei anna av styrkene ved universitetet. Ho nemner særleg miljø som juristane, CET-senteretLINGCLIM og Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved universitetet som sentrale når det gjeld forskinga på energiomstilling. 

– I tillegg har me fleire viktige kulturberarar som snakkar positivt om andre fagmiljø. Me er i ferd med å skapa ein kultur der kunnskapen på tvers vert meir og meir nyttig.   

Ho trur alle fakulteta på universitetet kan bidra i energiprosjekt og energiforsking. 

– Me treng grupper som har vilje til å sjå på seg sjølv som ein del av noko større og vil vera med på å byggja eit større miljø. 

Best i Noreg

Målet dei neste åra er at UiB skal verta eitt av dei fremste forskingsmiljøa innan energiomstilling. 

– Eit anna mål er at me gjerne vil at fleire eksterne skal retta seg til oss, det gjeld alt frå føredrag til større prosjekt. Ein skal oppleva at ein får den hjelpen ein treng når ein tek kontakt med UiB.