Hjem
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
Studer informatikk

Fekk tilbod om jobb før endt utdanning

Arbeidsgjevarar er på jakt etter nyutdanna IT-folk. Kristian Rosland fekk fire jobbtilbod før masteroppgåva var levert.

Kristian Rosland, portrettfoto
KLAR FOR ARBEIDSLIVET: – Informatikk er ikkje berre for dei som har vakse opp med datamaskiner, men alle som er interesserte i realfag, seier masterstudent Kristian Rosland. Han fekk fire tilbod om jobb før han var ferdig med mastergraden på UiB.
Foto/ill.:
Jens H. Ådnanes, UiB

Hovedinnhold

Til våren er eit nytt kull med master- og bachelorstudentar ferdige med graden sin i informatikk ved Universitetet i Bergen. Og bedriftene står i kø for å kjempa om å tilsetja dei nyutdanna informatikarane. Nesten kvar veke er det bedriftsbesøk på Institutt for informatikk (II), der bedriftene byr på pizza og gjer seg kjente ovafor studentane.

– Me er mellom dei mest ettertrakta i landet. Bedriftspresentasjonane viser at dei er ivrige etter å visa seg fram for oss, trur Kristian Rosland (25).

Rosland skriv masteroppgåve om maskinlæring på instituttet. Når den er levert til våren, er alt klart for at han skal byrja i jobb hjå Bekk Consulting i Oslo. Jobbtilbodet fekk han alt i august. Då hadde han fire jobbtilbod å velja mellom.

– Det er sånn bransjen er for tida. Ein vert oppringt av bedrifter som vil ha deg, gjerne før ein er ferdig med utdanninga, seier han.

Han har hatt sommarjobb i Bekk Consulting i to år, noko som spelte ei viktig rolle for at han takka ja til deira tilbod.

– Å starta i fast jobb vil nok ikkje gi den same fridomen som når ein er student, men eg trur det blir veldig gøy. Eg ser fram til å løysa varierte utfordringar gjennom programmering og tett kommunikasjon med kunde og sluttbrukaren, seier han.  

Ingen IT – ingen bank

DNB er ei av fleire bedrifter som søkjer nyutdanna it-kandidatar.

­– Vi treng fleire IKT-folk. Ingen IT, ingen bank. Ein kan ikkje jobba med forretningsutvikling utan å ha eit forhold til teknologi, vi må reagerer raskt på ny utvikling, og forstå dei tekniske delane av heilskapen, seier Tone Merethe Gamlemshaug, divisjonsdirektør for IT i DNB.

IT-avdelinga i Bergen har 200 tilsette, og fleire av dei er nyutdanna IT-folk frå UiB. Ho vil gjerne ha fleire.

– Vi har eit sterkt fokus på å rekruttera nyutdanna. Vi treng alltid å fornya oss og vil jobba med menneske som kan løysa problem og bygga eit miljø. Er du ein god kodar er det berre å ta kontakt med oss, seier direktøren. På DNB.no kan du registrere CVen din og sende den til oss.   

Løyser problema

UiB-kandidatane har mykje av den kompetansen DNB treng, meiner ho.

– Dei tilfører oss ny kompetanse, nye perspektiver og dei er flinke til å gå inn i ei problemstilling og løysa den. Det er viktig for DNB.

Ein av dei med den rette kompetansen er Adrian Borgund, som tar master i informasjonsvitskap ved SV-fakultetet på UiB. Han har vore ringevikar som frontend-utviklar, og byrjar i fast jobb når masteren er levert. Han ser fram til å byrja.

– Det er mykje valfridom her, og sjølv om ein er ny får ein jobba i team der erfaringa er stor.

Kristian Hamre-Os er utdanna ved same fakultet, og har fast jobb i DNB.

– Som student jobba me mykje praktisk og hands-on. Det har eg hatt nytte av i jobbsamanheng, seier han.

Han legg til at ein bør lika å jobba i team i DNB. For å jobba fram eit ferdig produkt deler ein inn i team på 20 til 30 personar.

– Då får ein meir oversikt og eigarskap til sluttproduktet. Det er krevjande å vera ny her, og ein må ha full innsats. Men når ein ser sluttproduktet er det verdt det, seier Kristian Hamre-Os.

Adrian Borgund har som deltidstilsett vore med på tre prosjekt.

– Det er ein del rullering, og på den måten vert ein godt kjent med organisasjonen, seier han.

Kristian Hamre-Os og Adrian Borgund, DNB

JOBBMARKNAD PÅ JAKT: – Ein går ei trygg framtide i møte om ein startar IT-studier ved UiB, meiner Adrian Borgund (til høgre). Han startar i fast jobb i DNB når han er ferdig med masteroppgåva si, medan Kristian Hamre-Os (til venstre) alt er i fast jobb.

Foto/ill.:
Jens H. Ådnanes, UiB

Hackar digitale utfordringar

Begge to ser for seg ei karriere innan DNB. Divisjonssjefen legg vekt på at ein kan ta fleire steg vidare, både fagleg og karrieremessig. Mellom anna kan  nyutdanna få tilbod om  ulike spesialiserte program. «Architect Greenhouse» og Cyber Security Academy» er dømer på to av dei.

– I DNB kjem ein inn i eit stort fagmiljø, og ein får løfta seg kompetansemessig.

DNB arrangerer årleg hackathonet DNB Digital Challenge, der studentar vert inviterte for å utvikle og presentera ei løysing eller eit produkt som gjer kvardagen enklare for kundane. Adrian var med på laget som vann i 2018.

Han oppfordrar fleire om å søkja seg til IT-studier ved UiB.

– Jobbmarknaden er stor, og ein kan vita at ein går ei trygg framtid i møte med tanke på jobb etter studiene. Eg trur det er viktig at dei som skal jobba med IT har ei interesse for det, det er noko ein skal ha det gøy med på fritida også. Sjølv laga eg spel og nettsider då eg gjekk på vidaregåande. IT er eit praktisk fag, seier Adrian.