Hjem
Fakultet for naturvitenskap og teknologi
Geovitenskap

Satsar på djupet

Å studere realfag er ikkje så skummelt, og det gir utruleg mange moglegheiter, seier Natalie.

Hovedinnhold

Ikkje ver redde for realfag!

Natalie Vikse Soltvedt (24) er snart ferdig med ein mastergrad i geovitskap. Natalie brenn for faget sitt og på arrangementet «Et hav av muligheter» heldt Natalie eit innlegg om kvifor ho valde å studere geovitskap for 200 jenter frå ungdomsskulen og den vidaregåande skulen.

Jordkloden er fascinerande

Kva er det som fascinerer deg med geovitskap og kvifor valde du å studere det?

«Eg hadde lyst til å studere noko innanfor realfag der eg fikk ha «litt av alt", og då meiner eg  litt av alle realfaga. Det som var mest fascinerande i starten var å lære om korleis jorda er bygd opp og korleis den har utvikla seg, og eg fekk svært lyst til å lære meir om dette. Eg har alltid likt naturfag og realfag, og innan geologien  får ein verkelig sette dette ut i praksis. Det var sjølvsagt også forlokkande at ein får reise på mange turar og studere ting i felt.  Eg hadde også høyrt at det var lett å få jobb som geolog så det var nok og en faktor for valet, men  eg valde nok likevel mest på bakgrunn av interesse».
 

Ikkje ver redde for realfag!

Arrangementet «Et hav av muligheter» er det Maritimt Forum Bergensregionen og VilVite som står bak, og målet er å synleggjere for unge jenter kva slags moglegheiter dei har innan realfag og maritime yrker.  

Kva spurte jentene deg om og kva synes du det var viktig å seie til dei?

«Det var mange som spurte om korleis det var å studere geologi, og kvifor eg synes det er kjekt. Nokre var opptekne av jobbmoglegheitene og kor lenge dei må studere. Eg tykkjer det viktigaste å formidle til jentene er at det ikkje er så skummelt å studere realfag! Om ein likar naturfag og matte så våg å velje realfag i vidaregåande for då har ein så utruleg mange ting å velje i etterpå».

Mange kvier seg for å studere realfag på universitetet fordi dei synest dette er vanskeleg fag på vidaregåande. Har du ein bodskap til desse?

"Nokre gongar må me streve litt for å oppnå det me ynskjer, men ein må sjølvsagt like realfag i utgangspunktet for å lukkast. Det er dei som greier å presse seg litt når det er litt vanskeleg og skummelt, som når lengst! Tenk på alle de før deg, det er ikkje umogleg"!

Utfordrande fyrstesemester

Når du ser tilbake - sto studiet i geovitskap til forventningane du hadde på førehand?

«Ja det stod godt til forventningane. Det var like mange turar og felt som eg hadde høyrt at det var og studiet var like spanande som eg forventa. Det einaste som var ein liten "nedtur"  var at det var rein matematikk og kjemi det fyrste semesteret. Eg var ikkje førebudd på det og ein vil så gjerne lære om den studieretninga ein har vald med ein gong. Men då det andre semesteret kom og me byrja med geologi  og reiste på felttur for fyrste gong, vart det like kjekt som forventa».  

Kva vil du anbefale ferske studentar å gjere for å få mest ut av studietida si, både fagleg og på fritida?

«Ver med på fadderveka i starten, her blir ein godt kjend med dei du skal studere med. Involver deg i studentaktivitetar, som til dømes organisasjonar, fagutval, fakultetsavisa og idrett.  Det er veldig kjekt og dessutan fint å ha på en CV. Det er viktig å involvere seg i det sosiale som skjer i studietida.  Dersom ein trivst og har vener rundt seg, vil studiet gå mykje lettare. Og bruk litt tid på å studere, ingenting kjem av seg sjølv. Sit litt lengre, samarbeid med andre, ikkje berre gå rett heim etter førelesing.  Då vert det sosialt, gøy og lærerikt på ein og same tid».    
 

Nye perspektiv frå utveksling på Hawaii

Natalie nytta og høvet til å reise på utveksling i løpet av studie sitt. Hawaii var fantastisk, fortel ho.  «Me opplevde så mykje på forskjelleg på kort tid at det ikkje er mogleg seie kva som var den aller finaste opplevinga eg hadde der».

Kva fekk du ut av det, fagleg og sosialt?

«Eg reiste til Honolulu og gjekk på University of Hawaii at Mano. Hawaii har en flott natur og det er mykje kjekt å finne på.  I tillegg var det alltid fint vêr!  Me vart fort ein stor gjeng utvekslingsstudentar som vart veldig gode vener».

«På Hawaii har dei eit litt anna fokus innan geologien.  Her heime snakkar me mykje om oljeleiting, mineralutvinning og danning av fjellkjeder. På Hawaii var fokuset på geofare, naturkatastrofar, ferskvatn og klimaendringar. Vi lærte om vulkanisme, hydrogeologi og tsunamiar. Det var kjekt å sjå nye sider av geologifaget og me fekk i tillegg dra på felttur til Big Island, ei øy med aktiv vulkanisme, der me gjekk på lavaen og tok prøver. Det var ei spesiell oppleving! Elles er  utdanningssystemet på Hawaii ganske annleis enn heime. Me hadde fleire mindre prøver og ganske mange innleveringar, og alt tel på sluttkarakteren. Det minner litt meir om videregående her hjemme. Me hadde ikkje så store klassar, men var rundt 30 studentar, så me fekk god kontakt med førelesaren». 

Jobb i ConocoPhillips

Du har fått jobb allereie før du er ferdig med masteren. Gratulerer!  Kva slags jobb er det og korleis fekk du den?

«Eg skal arbeide som graduate geolog hos ConocoPhillips i Stavanger. ConocoPhillips er verdas største uavhengige leite- og utvinningsselskap. Dette er ei stilling for ein nyutdanna geolog der ein dei fyrste åra skal rullere internt i firmaet slik at ein får erfaring frå dei ulike avdelingane. Til slutt kan eg finne ut i kva for ei avdeling eg ynskjer å jobbe».    

«ConocoPhillips kjem kvart år til UiB og held korte intervju med avgangsstudentar på relevante studieretninger og eg var på et slikt intervju. Ein får eit nummer som ein brukar seinare i søknadsprosessen. Eg søkte seinare på stillinga på heimesida til ConocoPhillips. Fem av søkjarane vart invitert til eit lengre intervju på kontoret i Stavanger. Etter det intervjuet fekk eg jobben».