Betanien DPS utvidar musikkterapitilbodet
Betanien DPS i Bergen utvidar musikkterapiressursen frå 130 % til 200 % stilling. Klinikken ønskjer å sikre kvalitet og kontinuitet ved å gje musikkterapeutane heile stillingar og å styrke det heilskaplege arbeidet med musikkterapi.
Hovedinnhold
Musikkterapi ved Betanien DPS
Betanien DPS er ein del av Betanien sykehus, eit privat-ideelt helseføretak som har avtale med Helse Vest. Betanien sjukehus er lokalisert i Fyllingsdalen i Bergen og har ansvar for pasientar heimehøyrande på Laksevåg, i Loddefjord og i Fyllingsdalen. Musikkterapitilbodet vart etablert i 2017, samtidig som også Helse Bergen etablerte dette. Etter kvart vart ressursen utvida til 130 % stilling.
Lenge var det Vegard Wikne og Nathan Robert Smith som delte denne stillingsressursen, medan det den seinare tid har vore Vegard Wikne og Eirik Sejersted Vognstølen.
Musikkterapeutane har arbeidd med å utvikle eit heilskapleg tilbod for pasientar og brukarar. Lundefuglen aktivitetshus har blitt hovudknutepunktet for musikkterapien (og også kunstterapien) ved Betanien DPS. Tilboda på dette aktivitetshuset er den berande aktiviteten til mange av dei som brukar musikkterapien.
Arbeidsmåten er recovery-orientert, med vekt på sosial inkludering, positiv identitetskjensle og meining i kvardagen. Ein er opptatt av at betring er noko som skjer i livet og kvardagen til den enkelte, ikkje i eit vakuum av profesjonell behandling.
Musikkterapien ved Betanien legg altså til rette for betring og meining gjennom meistring og sosialt fellesskap, og ein har implementert ein tretrinnsmodell adaptert frå prosjektet «Musikk i Fengsel og Frihet»:
- Trinn 1: Musikkterapitilbod på klinikken/DPS
- Trinn 2: Musikkterapi- og oppfølgingstilbod ved Lundefuglen aktivitetshus
- Trinn 3: Musikk som kvardagsressurs og eigendriven aktivitet i lokalsamfunnet
Utvidar musikkterapiressursen
Like før jul vart det kjend at ressursen frå januar 2025 er utvida til 200 % stilling.
«Den viktigaste grunnen for at vi ønskte å auke stillingane er at musikkterapi er eit populært tilbod som mange pasientar finner glede i å bruke, og at vi også ønskjer å styrke tilbodet til born, unge og vaksne som mottar poliklinisk behandling» fortel Maria Hauser, psykologspesialist og klinikksjef for Klinikk for psykisk helsevern ved Betanien sykehus.
Det er ikkje uvanleg med heile stillingar i helsevesenet og ved dei fleste DPSar vil det etter Polyfons vurdering vere eit underdimensjonert musikkterapitilbod dersom ein berre har 1 musikkterapeutstilling. Polyfons arbeider difor for at det Betanien DPS no har gjort skal verte meir kvardagsleg om nokre år.
Framleis er det likevel relativt uvanleg at ein DPS satsar så tydeleg på musikkterapitilbodet sitt som det Betanien no gjer. Vi har difor tatt ein prat med klinikksjefen for meir informasjon om kvifor sjukehuset vel å gjere dette.
Heile stillingar
Klinikksjefen understrekar at sjukehusleiinga har merka seg det store arbeidet musikkterapeutane har lagt ned for å utvikle musikkterapitilbodet. «Vi har bedt musikkterapeutane dokumentere kor mange timar dei faktisk har arbeidd ved klinikken. Då vart det klart for oss at vi måtte ta grep for å tilby dei heile stillingar. Det er jo ikkje akkurat overflod med midlar i helsetenestene i dag, men både klinikkleiinga og dei ulike einingane som no får utvida tilbod ønskte å prioritere dette.»
... både klinikkleiinga og dei ulike einingane som no får utvida tilbod ønskte å prioritere dette.
«Vår policy er fulle stillingar for dei som ønskjer det, når det er mogleg. Dette gjeld sjølvsagt også musikkterapeutane. Vi har to kjempedyktige og superengasjerte fagpersonar som vi gjerne vil behalde. Det sikrar også kvalitet og kontinuitet i vidare utvikling av musikkterapitilbodet vårt. Alle i leiinga er einige om det », seier Hauser, og held fram: «Musikkterapi har vore heilt avgjerande for nokre av pasientane våre. Vi ser også moglegheitene musikkterapi opnar opp for allmennaksen og BUP».
Heilskapleg arbeid med musikkterapi
Klinikksjefen legg vekt på at dei no vil kartleggje behova ved dei ulike einingane på klinikken, slik at dei får eit godt grunnlag for å prioritere behandlingstilbod og utviklingsarbeid framover. Dette blir særleg viktig ved allmennaksen, der ein tidlegare ikkje har hatt noko systematisk tilbod om musikkterapi. «Vi er kjende med at forskingslitteraturen viser at musikkterapi kan ha positive effektar ved angst og depresjon, ikkje ‘berre’ ved psykose», seier Hauser, «men vi må likevel prioritere ut i frå dei behova og mogelegheitene vi ser ved vår klinikk».
På spørsmål om korleis ei slik utviding av stillingsressursen kan bidra til fagleg styrking av det musikkterapeutiske tilbodet, svarar klinikksjefen: «Under Polyfon-konferansen i november var det eit svært engasjerande plenumsinnlegg av musikkterapeut Oda Dypvik Bjørke og overlege David Galea ved Lovisenberg Diakonale Sykehus. Dei arbeider med menneske diagnostiserte med alvorlege psykiske lidingar. Det var lærerikt og inspirerande å sjå kor tett og tverrfagleg dette samarbeidet var. Det ønskjer vi å lære av. På det området ønskjer vi å utvikle og styrke oss i åra framover!»


