Hjem
Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi
Prosedyrar

Felles musikkterapi-prosedyrar i Helse Vest

Felles prosedyrar for musikkterapi er utvikla i Helse Vest, godkjende av fagdirektørane og formidla til helseføretaka gjennom klinikkdirektørane. Eit utkast har vore til høyring til helseføretaka i regionen og dei reviderte dokumenta er godkjende våren 2026.

Helse Fonna sin logo
Helse Fonna er initiativtakar til arbeidet med å utvikle felles prosedyrar for musikkterapi i Helse Vest.
Foto/ill.:
Helse Fonna

Hovedinnhold

Prosedyrar og retningslinjer for musikkterapi i Helse Vest 

På oppdrag frå Helse Vest er det nå utvikla felles prosedyrar for musikkterapi. Desse er godkjende av fagdirektørane i Helse Vest og formidla vidare til helseføretaka gjennom klinikkdirektørane. 

Prosedyrane ble først sendt på høyring til musikkterapeutar og leiarar i spesialisthelsetenesta i regionen. Etter gjennomgang og bearbeiding av høyringsinnspela, er det dei reviderte dokumenta som no er godkjende. 

Bakgrunn

Etter eit initiativ frå Helse Fonna vart prosedyrar for musikkterapi diskuterte under Polyfon-konferansane i 2024 og 2025. 

Oppdraget med å utvikle felles prosedyrar for musikkterapi i Helse Vest vart gitt til fagmiljøet i musikkterapi i samband med ein fagdag under Polyfon-konferansen i 2025.

Målet med arbeidet har vore å bidra til styrkt kvalitet i behandlingstilbodet og å styrke pasienttryggleiken. I tillegg skal retningslinjene støtte vidare implementering av musikkterapi i spesialisthelsetenesta og bidra til at fagfeltet er godt tilpassa gjeldande lovverk. 

Framtidige revideringar av prosedyrar for musikkterapi vert gjennomførte av Helse Fonna og forankra i fagmiljøet i musikkterapi i Helse Vest. Godkjenning vert gjort av klinikkdirektørar for psykisk helsevern og TSB i Helse Vest.

___________________________________________________

Prosedyrane vil etter kvart verte gjort offentleg tilgjengeleg i Helse Fonnas eksterne kvalitetshandbok.

Dersom du allereie no ønskjer tilgang til prosedyrane, kan du ta kontakt med polyfon@uib.no for å få tilsendt prosedyredokumenta.