Hjem
Institutt for sammenliknende politikk
Praksis i sammenliknende politikk

Vestland fylkeskommune

Vestland fylkeskommune har i mange år teke imot praksisstudentar knytt til forskjellige avdelingar og prosjekt. Hausten 2024 er praksisplassen i Vestland fylkeskommune knytt til kommunerevisjon, med problemstillingar rundt kommunelova, lokaldemokrati, kommunal- og regional forvaltning, og politisk og økonomisk styring.

Vestland fylkeskommune
Foto/ill.:
Vestland fylkeskommune

Hovedinnhold

Om arbeidsplassen

Vestland fylkeskommune er ein av regionens største arbeidsgjevarar med over 6 000 tilsette lokalisert i heile fylket. Studentpraktikanten vil få ein mentor i fylkeskommunen som har hovudfag (mastergrad) i samanlikande politikk, og ph.d. i offentleg politikk. Mentor har hatt ei rekkje praktikantar tidlegare, og har brei metodeerfaring.

Døme på tidlegare studentar sin praksis:

Studentpraktikanten vil få eigen arbeidsplass i Vestlandshuset (fylkeskommunen sitt administrasjonsbygg sentralt i Bergen), men må pårekne nokre besøk til kommunar som sekretariatet har oppdrag for. Reiser vil bli dekka.

Praktikanten må signere tausheitserklæring. Det vil ikkje vere krav om at studenten skriv rapport på nynorsk.

Om Vestland Fylkeskommune

Fylkeskommunen leverer tenester knytt til vidaregåande opplæring, samferdsel, tannhelse, næringsutvikling, kultur og klima og miljø. 

Fylkeskommunen er ein politisk styrt organisasjon med fylkestinget som øvste organ, fylkesordførar som øvste politiske leiar, og fylkesdirektør som øvste administrative leiar.

Aktuelle problemstillingar og metodar

Praktikanten vil ta del i det daglege sekretariatsarbeidet, men det er også forventa at hen utarbeider ein rapport/analyse av relevans for kommunal/fylkeskommunal kontroll. Praktikanten inviterast til å utarbeide problemstilling basert på eiga utdanning, interesser og ambisjonar, men aktuelle problemstillingar kan vere:

  • Kontrollutvala og kommunal eigenkontroll si betydning for lokaldemokratiet, og forholdet til statleg tilsyn og styring
  • Politiske og/eller administrative konsekvensar av funn frå revisjonane
  • Kost-/nyttevurderingar av kontroll- og revisjonsarbeidet
  • Omfanget av kontroll og revisjon opp mot andre kommunale tenesteområde
  • Konsekvensar av endringane i kommunelova i 2018
  • Case-studiar på korleis ein eller fleire forvaltningsrevisjonar gjennomførast og blir følgd opp
  • Samanlikning av kontrollarbeidet mellom kommunar

 Anna knytt til lov, organisering, leiing, prosess, måloppnåing

Metodisk står praktikanten også fritt, men det er truleg mest aktuelt med kvalitative metodar som prosesskartlegging, dokumentanalysar, mindre spørjeundersøkingar og intervju med sentrale interessentar som ordførarar, kommunedirektørar, revisorar og medlemmer av utvala. Av kvantitative analysar vil analysar av KOSTRA-tal kunne vere aktuelt