Hjem
Institutt for sammenliknende politikk
Ledige seminarleiarstillingar

Bli seminarleiar på MET 102 - Samfunnsvitenskapleg metode

Vi søkjer no etter seminarleiarar for høstsemesteret 2024. Søknadsfristen er 13. mai!

Undervisning
Foto/ill.:
Emil Weatherhead Breistein

Hovedinnhold

Som seminarleiar i MET102 får du faglege og pedagogiske utfordringar samstundes som du repeterer viktig metodepensum, noko som kjem vel med i utdanninga. I tillegg er dette godt løna, relevant arbeidserfaring.

Søknadsfrist: 13. mai!

Arbeidsoppgåver

Seminarleiaren har ansvar for 9 seminarmøte á to timar, per seminargruppe dei leiar.  Typisk leiar kvar seminarleiar to grupper. I tillegg vil studentane levere fire oppgåver som du skal vurdere og kommentere. Du vil òg delta aktivt i ukentlege planleggingsmøte med faglærar og emnekoordinator for repitisjon av pensum, samt planlegging og samkøyring av undervisinga.

Kvalifikasjonar

Søkjarar tekne opp til masterprogram i anten sosiologi, gov eller sampol prioriterast, men vi er også open for studentar på bachelornivå som har tatt MET102 tidlegare og ferdig utdanna studentar som treng ein deltidsstilling. Vi søker seks seminarleiarar, fortrinnsvis med kjennskap til R.

Løn og gode

Arbeidet er godt løna med states lønssteg 35 for studentar på bachelor- og masternivå.

Send søknadsbrev, CV,  karakterutskrift og eventuelle attestar e.l. (slått saman til éi pdf-fil) til emnekoordinator. Skriv òg kor mange grupper du ønskjer å leie.