Bli seminarleiar i samfunnsvitskapleg metode
Vi søkjer no seminarleiarar for vårsemesteret 2026. Søknadsfristen er 28. november!
Main content
Våren 2026 søker vi seminarledere til emnet MET103 «Kvalitativ samfunnsvitskapleg metode».
Som seminarleiar i MET103 får du faglege og pedagogiske utfordringar samstundes som du repeterer viktig metodepensum, noko som kjem vel med i utdanninga. I tillegg er dette godt løna, relevant arbeidserfaring.
Arbeidsoppgåver
Seminarleiaren har gjennom semesteret ansvar for 6 seminarmøte á to timar, per seminargruppe dei leiar. Typisk leiar kvar seminarleiar to grupper. I tillegg vil studentane levere to obligatoriske oppgåver som du skal vurdere og kommentere. Du vil òg delta i planleggingsmøte med emneansvarleg for repetisjon av pensum, samt planlegging og samkøyring av undervisinga.
Kvalifikasjonar
Søkjarar tekne opp til masterprogram i anten Sosiologi, GOV eller Sampol prioriterast, men vi er også open for studentar på bachelornivå som har tatt MET102 eller MET103 tidlegare og ferdig utdanna studentar som treng ei deltidsstilling.
Løn og gode
Arbeidet er løna med statens lønssteg 35 for studentar på bachelor- og masternivå.
Søknad
Send søknadsbrev, CV, karakterutskrift og eventuelle attestar e.l. (slått saman til éi pdf-fil) til emneansvarleg.
Indiker kor mange grupper du ønskjer å leie.
Søknadsfristen er 28. november.