Hjem
Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Demokrati

Eidsvolds tause menn

Det norske demokratiet vart lagt på Eidsvoll i 1814 sa du? Vel, ikkje berre var ein liten brøkdel av folket representerte der, men dei jordeigande bøndene i Riksforsamlinga opna knapt munnen.

Et riksportrett (etter Eidsvold 1814)
Talarstolen sto open for mennene på Eidsvoll i 1814, men slett ikkje alle brukte han. – Ytringsfriheita og stemmeretten er lite verd om ein ikkje gjer seg gjeldande som ein myndig samtalepartnar som blir høyrt og respektert, hevdar professor Anders Johansen i si nye bok «Komme til orde». Verket "Et riksportrett (etter Eidsvold 1814)" er basert på maleriet Eidsvold 1814 (1885) av Oscar Wergeland, Stortinget.
Foto/ill.:
André Severin Johansen / Trond Hugo Haugen / BONO 2014

Hovedinnhold

– Storparten av dei 37 bøndene i Riksforsamlinga på Eidsvoll sa ingenting. Dei som drista seg til å ta ordet, fekk i beste fall nedlatande smil, og som regel blei det gjort narr av dei.

Det seier Anders Johansen som er aktuell med boka Komme til orde. Dei siste fem åra har Johansen grave seg ned i kva som faktisk vart sagt, kven som tok ordet, og korleis det vart oppfatta i det viktige hundreåret frå grunnlova vart skriven på Eidsvoll i 1814, og fram til kvinner fekk stemmerett i 1913. 

Gjennom å granske alt frå manuskript til augevitneskildringar og reaksjonar, viser han at det å få stemmerett, trykkefridom eller plass i den lovgjevande forsamlinga langt i frå sikra at folk tok i bruk retten til å kome til orde. 

Demokrati vart sett på som pøbelvelde

På Stortinget i 1836–37 var det heile 45 bonderepresentantar, men det var berre 10 av dei som våga seg opp på talarstolen. Når embetsmennene kunne dominere det politiske livet heilt suverent, var det mellom anna på grunn av dette retoriske overtaket. 

– Det er tull at vi fekk demokrati i 1814! Det var berre seks- sju prosent av den samla befolkninga som hadde stemmerett, og dei som hadde det var stort sett tause! Det var ikkje demokrati etter vår meining, og ikkje etter deira meining heller. Demokrati var eit skjellsord, og betydde eit pøbelvelde som ville føre i ulukka. Eidsvolls menn var slett ikkje tilhengarar av folkestyre, fortel Johnsen. 

Idealet var ikkje folkestyre, men dialog mellom landets beste menn. Desse måtte ikkje forstyrrast av veljarar, og å drive valkamp vart sett på som nesten kriminelt. 

– Å drive valkamp var å legge press på både veljarar og representantar, og dermed krenkje sjølvstendet deira. Dette vart rekna som eit overgrep. Veljarane skulle vise tillit til dei som visste betre ved å overlata den politiske rådslaginga til dei, seier Johnsen. 

Skitkasting og latterleggjering

Storbøndene si tausheit forklarer han med ei djup kulturell kløft som heldt folk utan utdanning nede i skam og tausheit ved krenking og forakt. 

– Det var ufyselege debattvilkår og mykje skitkasting! På Eidsvoll vart grunnlovsforslag som kom inn frå heile landet til dømes leste opp til allmenn munterheit mot slutten av dagen. Bøndene hadde ikkje dei retoriske ferdigheitene. Dei hadde ikkje erfaring med å ta ordet, med å formulere seg eller med saksbehandling for den del. Dei vart ikkje tatt alvorleg, og dei få gongane dei sa noko enda det gjerne opp som artige anekdotar, seier Johansen. 

Eit døme på dette er storbonden Teis Lundegard, som har fått skulda for den såkalla jødeparagrafen i grunnlova som sa at jødar ikkje skulle ha tilgang til riket.

– Det har blitt fortalt og gjenfortalt korleis paragrafen vart til ved at Lundegard brått greip ordet og bad alle som var mot jødar om å reise seg, og så reiste alle seg, litt fortumla, opp. Det er veldig tynt grunnlag for å slå fast at dette faktisk skjedde, men ei slik vandrehistorie passar godt når ein ønskjer å legge skulda på nokon andre, seier Johansen. 

Leiren av stumme klatra over muren

Gjennom hundreåret fram mot allmenn stemmerett i 1913 slo folkefleirtalet seg inn i politikken, og kommunikasjonsformene og ideala endra seg. Det gjekk frå høgspent heroisme og klassiske ideal, via romantisk inderlegheit på midten av hundreåret, og fram til det store oppgjeret med byråkrati og kongemakt i 1880-åra. Først då tok dei store profilane i bruk eit enklare og meir personleg språk som talte til vanlege folk. 

Johansen skildrar korleis det han kallar bebuarane av «dei stummes leir», bøndene, husmennene, arbeidarane og til slutt kvinnene retta seg opp. 

– Folkefleirtalet kvitta seg til slutt med sin forknytte veremåte og mindreverdigheitskjensle, og dei kravde å få kome til orde. Det var litt av ein mur dei skulle over, seier han.