Hjem
Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Forsker Grand Prix

Innvandringshumor – meir enn spøk

Vitsar om innvandring kan vere grav alvorleg. I dag står medieforskar John Magnus Dahl på scenen under Forsker Grand Prix i Bergen med klovnenasen i lomma.

John Magnus Dahl Forsker Grand Prix
Medieforskar John Magnus Dahl tek del i Forsker Grand Prix med si forsking på innvandringshumor.
Foto/ill.:
Andrea Magugliani

Hovedinnhold

Når medieforskar John Magnus Dahl går på scenen under Forsker Grand Prix i kveld har han klovnenasen parat i lomma. Dahl har forska på korleis humor om og av innvandrarar har påverka den offentlege debatten og til sjuande og sist den politiske utforminga. 

– Humor er suverent på å flytte grenser. Eg ser at fordomsfull humor har vore med på å gi oss høgare toleranse for både grovt språk og diskriminerande politikk, seier Dahl.

Hard humor 

Dahl viser til mellom anna Otto Jespersen sine program på slutten av 1990-talet. Programma handla mykje om innvandring, og humoren var hard. 

– Jespersen vitsar om fordomar, men han siterer samtidig fordomane og overdriv dei. I ein sketsj til dømes snakkar han med ein gjest i studio. Gjesten gjer butikk av å fange kattar og flå dei for å lage tevarmarar av skinnet. «Er det ikkje flott kor driftige våre nye landsmenn er?», seier Jespersen. Intensjonen hans er å gjere narr av fordomen, men vi veit at nokre omfamnar vitsane og ser på Jespersen som ein sannheitssigar som seier sanninga om innvandrarar som trygdesnyltarar og koneplagarar, seier han. 

Ut over 90-talet fekk den offentlege debatten eit grovare språk og det vart fleire angrep på innvandringskultur. 

– Vi kan ikkje seie at det eine førte til det andre, men det var i alle fall samanfall i tid. Det ville vere naivt å tru at humoren ikkje påverkar oss  berre fordi han er populær. Det er berre å sjå på reaksjonane som kom under og i etterkant. Tenk til dømes på korleis vi oppfattar USA. Dette biletet er i stor grad forma av populærkulturen, og ikkje av til dømes CNN. Det same gjeld andre ting i verda som vi ikkje har direkte kontakt med, seier Dahl. 

Ulikt i Norrland og Nordland 

Dahl forklarer at mykje av humoren går ut på å gjere narr av innvandringsmotstandarane. Dette har fått litt ulikt uttrykk i dei skandinaviske landa.

– Eg ser at i Noreg og i Danmark blir innvandringsmotstandarane framstilte som dei kunne vere kunne vere kven som helst, medan dette i Sverige er ein person som er utanfor sosialt, geografisk og kulturelt. Det er lenger frå Stockholm til Norrland enn det er frå Oslo til Nordland. Dette har nok vore med på å gjere debatten i Sverige enda meir polarisert, seier han. 

Humor innanfrå

I frå om lag 2005 skjedde der ein omdreining i humoren rundt innvandring, der ein såg at innvandrarar sjølve byrja å lage humor om det å vere innvandrar. 

– Folk med innvandringsbakgrunn begynte å vitse om eigne erfaringar og eigne fordomar. I eit svensk program vart det vitsa med den fiktive verksemda «AB dotterforvaring» der ein tek betalt for å låse inne døtre frå nabolaget fram til dei er gifteklare. Her tek dei noko som er veldig seriøst og potensielt truande, og ler av det. Vi ser det same med «Kongen av Gulset» og «Svart Humor» her heime. Fellesnemnaren er at ein tek brodden av trusselen, og tek del i den store kulturelle forteljinga om kva det er å vere norsk eller innvandrar, seier Dahl.