Hjem
Det samfunnsvitenskapelige fakultet

Rettleiing for søkarar til Masterprogram i undersøkande journalistikk

Her finn du informasjon om krav til motivasjonsbrev for deg som søker på grunnlag av arbeidserfaring.

Hovedinnhold

Motivasjonsbrev

I motivasjonsbrevet (maks to A4-sider) skal du reflektere rundt:

  • Kvifor har du søkt på dette studiet?
  • Kva ynskjer du å bruke utdanninga til?
  • Kva kan du bidra med i gruppa av studentar?
  • Kvifor trur du at arbeidet med undersøkande journalistikk vil passe for deg?

Opptakskomiteen vurderer motivasjonsbrevet ut frå desse kriteria, med poeng 1-10 for kvart punkt:

  • Realistisk oppfatning av kva studiet og eit framtidig yrke som journalist går ut på.
  • Refleksjonsnivå
  • Presentasjon (språkføring)
  • Interesse og motivasjon for studiet