Hjem
Spesialsamlingene
Språksamlingane

Mandat og samarbeid

Regjeringa kunngjorde overføringa av Språksamlingane i tildelingsbreva for 2016 til universiteta i Oslo og Bergen: "Universitetet i Oslo ønsker ikke å ha ansvaret for videre drift og forvaltning av samlingene knyttet til leksikografi og navnegransking. Etter en samlet vurdering har departementet kommet til at samlingene overføres til Universitetet i Bergen. Budsjettrammen til Universitetet i Bergen er dermed økt med 6 mill. kroner. Universitetene må vurdere om overføringen vil kunne ha arbeidsrettslige konsekvenser for ansatte. Universitetet i Bergen bør vurdere eventuelle samarbeidspartnere i den videre drift, forvaltning og bruk av samlingene." (Tildelingsbrev til UiB for 2016, s. 8)

Hovedinnhold

Den 14. april 2016 vart det halde eit nasjonalt møte om Språksamlingane i Bergen. Møtet vart ei sterk understreking av kor viktige Språksamlingane er for språkforskinga og for normeringsarbeidet. Bidraga til det nasjonale møtet er viktige signal for det vidare arbeidet med Språksamlingane. Program og presentasjonar frå møtet er lagde ut her.

I UiB er Språksamlingane leia av ei styringsgruppe som består av assisterande universitetsdirektør, HF-dekanen, instituttleiaren for LLE (leiar av styringsgruppa), IT-direktøren, bibliotekdirektøren, leiaren for det nasjonale fagrådet for Språksamlingane, ein representant frå Høgskulen i Volda, og den faglege leiaren for Språksamlingane (sekretær for styringsgruppa). Gruppa møtast som regel to gonger om året.

Frå 2019 er det etablert eit nasjonalt fagråd for språksamlingane etter desse vedtektene (2018):

  1. Språksamlingane skal ha eit fagråd på seks medlemer med tillegg av leiar.
  2. Fagrådet har som hovudoppgåve å vere med på å utvikle samlingane til ein nasjonal forskings- og formidlingsressurs for norsk språk.
  3. Fagrådet skal gje råd om vitskapleg og strategisk utvikling av samlingane, skape kontakt mellom ulike forskingsinstitusjonar og fagmiljø og bidra til formidling og utoverretta arbeid. Fagrådet har ikkje styre- eller forvaltingsfullmakter.
  4. Fagrådet blir oppnemnt av styringsgruppa, som òg fastset mandat og statuttar og peikar ut ein leiar. Leiaren skal vere tilsett ved UiB.
  5. Funksjonsperioden for medlemene er to år. Medlemer kan oppnemnast for inntil tre periodar, men likevel slik at to medlemer blir skifta ut annakvart år.
  6. Fagleg leiar for Språksamlingane er sekretær for fagrådet.
  7. Fagrådet skal samla sett dekkje dei vitskaplege disiplinane som er representerte ved samlingane, og bør ha medlemer frå dei forskingsinstitusjonane som aktivt tek del i arbeidet ved samlingane.
  8. Fagrådet held eit fagleg seminar i Bergen kvart år. Mellom seminara arbeider rådet via e-post og annan nettkommunikasjon.