Hjem
Universitetshagene
Ledig stilling

Gartnar (forskingsteknikar) i Muséhagen – vikariat 100 % ut november 2022

Vi søker etter gartnar (forskingsteknikar) i Muséhagen på Nygårdshøyden. Søknadsfrist 31. oktober 2021

Oversiktsbilde fr Muséhagen
Foto/ill.:
Torsten Eriksson

Hovedinnhold

Ledig stilling i Muséhagen: https://www.jobbnorge.no/nn-no/ledige-stillingar/stilling/213614/gartnar-forskingsteknikar-i-mushagen-vikariat-100-ut-november-2022

Arbeidsoppgåver:

Du skal delta i den daglege drifta i Muséhagen. Dette inneber stell, drift og vedlikehald av hageanlegg og plantehus. Det ligg og til oppgåvene å delta i noko informasjonsarbeid mot publikum som nyttar hagen. Arbeidet vert utført ute heile året. Den som vert tilsett kan bli pålagt å ta del i vaktordning. Du rapporterer til driftsleiar i Muséhagen

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Vi søkjer etter ein gartnar med fagbrev, eller med fullført gartnar utdanning.

  • Med erfaring frå produksjon av ulike planteslag i veksthus og ute i hage er eit krav.
  • Med god kunnskap om og interesse for planter er ein føremon.
  • Som har førarkort for bil (førarkort for traktor er en fordel) og erfaring frå arbeid med ulike maskinar. God erfaring med bruk av motorsag tel positivt.
  • Med god helse, då arbeidsoppgåvene til tider kan vere fysisk tunge.
  • Som kan bruke data som arbeidsverktøy og har god teknisk forståing.
  • Vi legg vekt på personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga. Du er ein medarbeidar som har gode samarbeidsevner, likar å arbeide i team, men som og kan arbeide sjølvstendig.
  • Du må være løysingsorientert, initiativrik og ha ei positiv innstilling.