Hjem
Universitetshagene

Serbergran (Picea omorika)

Den slanke serbergrana som veks i to grupper, ei på kvar side av Oldertøsbakken, er kanskje det mest interessante treslaget som vart planta før Arboretets tid. Serbergran kjem frå Balkan, men er sjeldan og raudlista.

Toppene på serbergrana er tette, smale og blåaktige.
Toppene på serbergrana er tette, smale og blåaktige.
Foto/ill.:
Alf Helge Søyland

Hovedinnhold

 

Den ca 50 år gamle serbergrana, er feilplassert i vår geografiske planteplan, høvesvis for asiatiske og amerikanske planter. Serbergran er ein europeisk art som tidlegare hadde større utbreiing søraust i Europa. Det som no er att av naturleg veksestad for serbergran, er avgrensa til eit lite område i Serbia og Bosnia-Hercegovina. 

Serbergran har mange føremon som gjer den verdig til meir bruk både i parker, landskap og i opne skogar på Vestlandet.

Denne grana toler betre forureining enn dei fleste andre nåletre, og sjølv om den naturleg veks på kalkgrunn, trivst den også godt på sur opplendt myrjord slik dei står i Arboretet. Det er heller ikkje mange sjukdommar eller skadedyr som angrip treet.

Serbergran har ein særmerkt smal og slank vekstform. Dei nedbøygde greinene minnar om vår vanlege gran i snørike fjellstrok i innlandet. Derfor kan den plantast både relativt tett og på større avstand og likevel danne ein triveleg open skog.

Nålene er 1-2 cm lange, samantrykt, mørkt grøne og avrunda til butte i toppen. Når desse bøyer seg litt oppover, synar dei to breie kvite banda til spalteopningane på undersida, og dermed får grana eit vakkert sølvaktig fargespel.

Frø og frøspreiing

Konglene er purpur eller fiolette før modning. Modne kongler er 3-7 cm lange med breie, avrunda og ofte fintanna kongleskjel. Konglene finner vi ofte bare i den øvste delen av krona, og dei må truleg ha mykje tørr varme for å opne seg.

Serbergana er sjølvfertil men kan og kryssast med andre granarter og dei kan så seg sjølve. Førebels har me ikkje oppdaga frøplanter i Arboretet.

Serbergrana i Arboretet er i dag meir enn 22 meter høg, og har allereie kraftige rette småkvista stammer. I heimlandet vert dei om lag 35 meter høge.

Serbergran er mykje brukt i hagar og anlegg på grunn av sin smale og elegante vekstform. I hagar blir det brukt ein poda 'Pendula'-form som er slankare enn arten. 

Universitetshagene reiste til Serbia for å samle frø 26. august - 1. september 2019. Det blei samla frø av serbergran i Tarafjellet ved Vranjak. For omtale av turen med oversikt over alt som blei innsamla av plantar og frø, sjå Årringen 2019 s 83 - 110.