Home
The University Gardens

Picea omorika (the Serbian spruce)

The Serbian spruce is widely cultivated, but hybridises readily and is threatened in its few remaining populations the wild

Toppene på serbergrana er tette, smale og blåaktige.
Toppene på serbergrana er tette, smale og blåaktige.
Photo:
Alf Helge Søyland

Main content

Den slanke serbergrana som veks i to grupper, ei på kvar side av Oldertøsbakken, er kanskje det mest interessante treslaget som vart planta før Arboretets tid. Serbergran er mykje brukt i hagar og anlegg på grunn av sin smale og elegante vekstform. Den kjem frå Balkan, men er i dag sjeldan og raudlista.

Den ca 50 år gamle serbergrana, er feilplassert i vår geografiske planteplan, høvesvis for asiatiske og amerikanske planter. Serbergran er ein europeisk art som tidlegare hadde større utbreiing søraust i Europa. Det som no er att av naturleg veksestad for serbergran, er ein liten bestand i ein elvedal ved Drina på Balkanhalvøya.

Serbergran har mange føremon som gjer den verdig til meir bruk både i parker, landskap og i opne skogar på Vestlandet.

Denne grana toler betre forureining enn dei fleste andre nåletre, og sjølv om den naturleg veks på kalkgrunn, trivast den også godt på sur opplendt myrjord slik dei står i Arboretet. Det er heller ikkje mange sjukdommar eller skadedyr som angrip treet.

Serbergran har ein særmerkt smal og slank vekstform. Dei nedbøygde greinene minnar om vår vanlege gran i snørike fjellstrok i innlandet. Derfor kan den plantast både relativt tett og på større avstand og likevel danne ein triveleg open skog.

Nålene er 1-2 cm lange, samantrykt, mørkt grøne og avrunda til butte i toppen. Når desse bøyer seg litt oppover, synar dei to breie kvite banda til spalteopningane på undersida, og dermed får grana eit vakkert sølvaktig fargespel.

Frø og frøspreiing

Konglene er purpur eller fiolette før modning. Modne kongler er 3-7 cm lange med breie, avrunda og ofte fintanna kongleskjel. Konglene finner vi ofte bare i den øvste delen av krona, og dei må truleg ha mykje tørr varme for å opne seg.

Serbergana er sjølvfertil men kan og kryssast med andre granarter og dei kan så seg sjølve. Førebels har me ikkje oppdaga frøplanter i Arboretet.

Serbergrana i Arboretet er i dag meir enn 22 meter høg, og har allereie kraftige rette småkvista stammer. I heimlandet vert dei om lag 35 meter høge

I hagar blir det brukt ein poda 'Pendula'-form som er slankare enn arten.