The Japanese Garden
Japanhagen er ein norsk-japansk vennskapshage som inneheld i tillegg til japanske planter, element frå japansk hagetradisjon, slik som bruer, lykter, grushage, mosehage og en tepaviljong. Mange japanske planter trivst godt i norsk klima.
Main content
Japanhagen er åpen for publikum og vi har flere arrangementer i året:
Venskapshage i norsk natur
Japanhagen er teikna og utforma av den kjente japanske landskapsarkitekten Haruto Kobayashi. Han har lagt inn japanske grunnelement i ein norsk natur. Det er altså ikkje meininga at hagen på Milde skal vere ei etterlikning av eit historisk anlegg i Japan. "Dette skal vere ein hage for venskap og forståelse mellom Japan og Noreg" - slik har Kobayashi uttrykt seg om hagen.
Vestlandsklimaet med mykje nedbør og milde vintrar er eit godt grunnlag mosehagen som er etablert på haugen sentralt i hagen.
Plantene
Det er eit krav til plantene at dei må ha japansk opphav, enten reine artar som veks naturleg i Japan eller foredlingar av desse. Generelt skal blomstringa ikkje ha for sterke fargar. Haustfargane derimot er viktige.
Du kan søke etter plantene i Japanhagen på kart og med bilde via hageutforskeren, eller klikk på lenken oppe til høgre.
Inngangsparti med bambusgjerde
Mange av elementa i hagen har komme frå Japan. Allereie til oppstarten i 2005 kom det ein container med dei fyrste steinlyktene og materialane til bambusgjerdet. Det er brukt ekte bambus, men det er mogleg at ein etterlikning i plast ville stått seg betre i det fuktige vestlandsklimaet. Like innafor gjerdet står den vakre og fargerike Primula japonica.
Bruene
Hagen har tre bruer. Den største er ein stor og elegant trebru som vinklar seg fram over sumpen ved Vågelva. Gangvegen som går vidare til den litle trebrua blir kalla dei fire årstiders sti. Ein steinbru ligg i overgangen mellom bekkegjelet og grushagen.
Lyktene
Steinlykter er svært gamle innslag i japansk hagekunst, og det finst fleire hundre navnsette lyktetypar. På Milde har vi 8 lykter på sentrale stader i hagen. Dei er sett opp som orienteringspunkt for å vise retninga innover i området.
Visdomskilden, bekkegjelet og grushagen
Bekkegjelet er utforma av store steinblokkar, og den lyse singelen skal gi ein illusjon om vatn som renn frå visdomskjelda og ut i grusdammen. I dammen ligg det fleire øyar, der to av dei skal symbolisere Japan og Noreg. Til saman dannar øyane det japanske skriftteiknet for hjartelig.
Tepaviljongen
Denne bygningen i japansk sedertre kallast ein paviljong fordi den har opningar i tre veggar. Herfrå er det god utsikt mot grusdammen og bekkegjelet, og dei store opningane gir ein harmonisk innramming av synsinntrykka frå hagen og naturen omkring.