Hjem
Universitetshagene

Borte bra, men vår frodige heimlege hage best

Samanlikna med hetestressa planter lenger sør i Europa, står staudar og sommarblomar på det beste no i august her i det fuktige klimaet i Arboretet og Botanisk hage. Det er vel verdt å ta turar til Milde for å få sjå bløminga av montbretia, georginer, solsikker og mykje anna som kvitterer for fukt og varme me har hatt i det siste. Elles har me ei sjeldan bløming av ein Sørafrikansk orkide og Yucca i Fjellhagen no.

Her stikk den kraftige mørk raude oljeplanta, Ricinus communis over dei andre...
Her stikk den kraftige mørk raude oljeplanta, Ricinus communis over dei andre sommarblomane. I forkant er det pyntekorg, Cosmos bipinnatus og gul og kvit løvemunn, Anthirrium majus bak.
Foto/ill.:
Alf Helge Søyland

Hovedinnhold

Etter ein fin studietur i offentlege og botaniske hagar i Tyskland, andre veka av august, var det kjekt å kome heim til vår eigen botaniske hage, som no har vel så frisk og frodig bløming.

I tillegg er engene her grøne og gule av sveveblom og ein kan plukke villbringebær som ein elles saknar lenger sør i Europa på denne tida.

Mest bløming finn de i Solåkeren, rett innafor parkeringsplassen ved Vågelva. Her er det no georginer og Fucshia på sitt beste. Vidare prøvefelt for gode blomar for vestlandsforhold, bla. fiolar, nellik og løvemunn i ulike fargar.

Me fylgjer også trendane i Europa og har ein del av dei same dekorative bergknapp (Sedum) og grasartene som no har blitt så populære å bruke i steinbed og saman med sommarblomar.

 

De må også få med dykk ein flott raud orkide som står i lag med afrikanske middagsblomar i Fjellhagen.

I Nytteveksthagen ovanfor har me også i år spanande utstillingar av salat, graskar, ert og gamle kornsortar. Rundt denne hagen prøver me no ut eit nytt gjerde mot  brunsnigel basert på eit enkelt finmaska nett.

 

Elles har me fått laga til plass for eit nytt sitjebord som er gjeve til Japanhagen frå Olaf Grolle Olsens legat. Meininga med ein så brei firkanta benk lik den originale som stå på Meditasjonshøyden er at ein skal kunne sitte på alle fire sider og dermed få ulik utsikt i hagen rundt deg.

Dette er eit solid norsk handverk laga av haldbare tresortar av John Johansen. ”Cedertre” (Thuja plicata) på toppen og douglasgran ”Oregon Pine” (Pseudotsuga menziesii) som bein.