Hjem
Institutt for geografi

Samfunnsutviklar i Fedje kommune

Even Vaular fullførte mastergraden i geografi i 2011, og arbeider i dag som samfunnsutviklar i Fedje kommune.

Hovedinnhold

Det heilskaplege perspektivet på verda ein får gjennom geografifaget gjer at ein vert bevisst på kompleksiteten på ein stad og i eit samfunn. Slik står ein betre rusta når ein skal planleggja og utvikle samfunn.

Kvifor valte du å studera geografi ved UiB?

At eg valte geografi var nok litt tilfeldig. Eg har alltid vore ein nysgjerrig type, og var veldig glad i O-fag (orienteringsfag) på barneskulen. Dette var vel, slik eg hugsar det, ein salig miks av geografi, historie, samfunnsfag og naturfag. Samstundes såg eg lenge føre meg ei kunstfagleg utdanning. Eg valte å satsa litt tryggare - kunsten kunne eg alltids driva på med på sida. Eg var temmeleg blank på korleis geografi utarta seg som universitetsfag, og hugsar eg leste om studietilbodet til UiB i eit hefte. At faget famna både natur og menneske fenga meg.

 

Kva var det beste med studietida på geografi?

Eg har hatt stor glede av fleire feltkurs over det ganske land. Feltkursa er verkeleg noko som samlar dei ulike kulla og som skapar eit samhald ein kanskje ikkje finn så mange andre stadar på universitetet. Fagleg har somme førelesarar vore særskilt engasjerande, og eg har vore heldig som hadde ein flott rettleiar på masteroppgåva som trudde på meg. Som seminarleiar, assistent på feltkurs og vitskapleg assistent har eg jobba med mange dyktige og hyggjelege folk på instituttet. Dette har vore kjekke og viktige erfaringar for meg.

 

Kva skreiv du om i masteroppgåva?

I masteroppgåva skreiv eg om norsk produksjon og eksport av salt- og klippfisk til Italia. Her såg eg spesielt på betydinga til norsk-italienske handelsrelasjonar for rådande konvensjonar og marknadstilpassing. Bakgrunnen for valet var både personleg og strategisk og omfatta mellom anna eigne språkkunnskapar (italiensk etter eit utvekslingsopphald ved Universitetet i Firenze, Italia), moglegheitene for framtidig arbeid og personleg tilknyting (gjennom slekt) til både fiskaryrket og feltområde. Samstundes hadde professor Knut Bjørn Lindkvist eit internasjonalt prosjekt gåandes på saltfiskproduksjon og -handel (The Norwegian-Spanish salted fish project - http://salted-fish.uib.no/) kor eg fekk tilgong på eit fagleg nettverk. Arbeidet med masteroppgåva tok meg til Lofoten, Ålesundsområdet og sju italienske byar - til saman 39 dagar i felt. Dette var spanande, veldig lærerikt og samstundes krevjande. 

 

Kva arbeider du med i dag?

I dag jobbar eg som samfunnsutviklar i Fedje kommune. Fedje er blant dei ti minste kommunane i Noreg, både når det gjeld storleik og folketal. Heilt nord og vest i Hordaland ligg dette vesle, vakre øyriket, og for ein samfunnsgeograf er det mykje interessant å ta tak i. Stillinga er samansatt, ei ordentleg potetstilling, og det er ikkje rart med tanke på kor liten kommunen er. I hovudsak arbeidar eg med planlegging og samfunns- og næringsutvikling. Eg er også beredskapsansvarleg i kommunen og har ei rolle innan marknadsføringa av kommunen. Innan planlegging kjem eg til å verte nytta som ein ressurs innafor fleire planområde. Her kan eg til dømes nemne kommunal planstrategi, kommuneplan, beredskapsplanar, overordna risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse), samt fag- og sektorplanar som plan for idrett og friluftliv og kulturminneplan.

 

Korleis er utdanninga di relevant for deg i arbeidslivet?

Utdanninga mi er svært relevant for det meste av arbeidsoppgåvene. Teoriar om nyskaping og globalisering gjev meg ei forståing av dei større samanhengane samfunnsliv og næringsliv utspel seg i. Det heilskaplege perspektivet på verda ein får gjennom geografifaget gjer at ein vert bevisst på kompleksiteten på ein stad og i eit samfunn. Slik står ein betre rusta når ein skal planleggja og utvikle samfunn.

Samstundes kjem ein ikkje i mål berre med teoretisk kunnskap. I det praktiske arbeidet ligg mange utfordringar. Korleis skal eg utøva rolla mi som næringsutviklar på best mogleg måte? Korleis kan eg bidra til eit inkluderande og levande lokalsamfunn? Kva veg skal me gå for å få ein vellukka omstilling frå nedgang til vekst? I eit så lite samfunn som Fedje vert kvar enkelt person ei viktig brikke, og sårbarheita er stor. Då vert det klårt at ein jobbar med dei minste bestanddelane av systema, og personlege relasjonar vert kanskje viktigare enn ambisiøse planar og program for nyskaping og vekst.