Hjem
Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi
RESSURSSIDE

Etablering og utvikling av praksis

Polyfon arbeider for at tilgangen til gode og forskingsinformerte musikkterapitilbod skal auke og verte meir likeverdig i heile landet. På denne ressurssida gir vi råd om etablering av praksis og informasjon om kvalitetssikring og forsking for utvikling av praksis (følgjeforsking).

Samtale om idear skrivne ned på gule lappar
Etablering og utvikling av praksis er ein viktig del av Polyfon-samarbeidet.
Foto/ill.:
UX Indonesia på Unsplash

Hovedinnhold

Etablering av praksis handlar m.a. om at kunnskap blir tatt i bruk. Samstundes kan det vere startskotet for utvikling gjennom kvalitetssikring og forsking. Her gir vi difor informasjon om både etablering og utvikling av praksis. Gje oss gjerne innspel til korleis vi kan vidareutvike denne ressurssida.

Innleiing

Forsking og nasjonale retningslinjer bidreg til å setje systematisk implementering av musikkterapi på kartet. Sjå Polyfons kunnskapsbeskrivingar for ei oversikt. 

Ofte vil etablering av praksis også springe ut av ei lokal vurdering av korleis musikkterapi kan bidra til å løyse utfordringar i tilbod og tenester, t.d. ved å vere eit motiverande og inkluderande tilbod, ved å byggje tverrfagleg og tverrsektorielt samarbeid og/eller ved å fremme brukarmedverknad og deltaking i eigen betringsprosess. Som eit eksempel på ei slik lokal vurdering, sjå Bergen kommunes Rapport om implementering av musikkterapi i Barne- og familiehjelpen.

Kanskje har ein behov for meir informasjon om musikkterapeutisk praksis før ein tar initiativ til å etablere praksis. Nasjonal behandlingstekst for musikkterapi brukast av dei fleste helseføretaka som tilbyr musikkterapi og gjev ei enkel beskriving av musikkterapeutisk praksis. Ei anna kjelde til informasjon er seks korte filmar produserte av Nasjonalt nettverk for musikkterapi – psykisk helse og rus. Desse gjev eit innblikk i kva musikkterapi kan vere og bety. 

Etablering av praksis

Nokre ressursar som kan vere til hjelp ved etablering av praksis:

Polyfons rådgjeving ved etablering av musikkterapipraksis

Alle klyngedeltakarar kan ved behov få rådgjeving og støtte frå klyngas sekretariat ved etablering av praksis. Potensielle klyngedeltakarar er også velkomne til å ta kontakt.

I samarbeid med med Creo, CREMAH og GAMUT, har Polyfon også utarbeidd nokre heilt enkle råd ved tilsetjing av musikkterapeut.

Etableringshandbok for musikkterapi i rus- og psykisk helsetenester

Etableringshandboka gjev konkret og praktisk informasjon om forankring og implementering av musikkterapi i helsetenestene:

Kielland, T., Solli, H. P., & Trondalen, G. (2020). Etableringshåndbok for musikkterapi i rus- og psykisk helsetjeneste. Senter for forskning i musikk og helse (CREMAH). Norges musikkhøgskole.

Kvalitetssikring

Kvalitetssikring handlar om å evaluere musikkterapitilboda, for å sikre at dei gjev forventa resultat.

Brukarundersøkingar er ein viktig del av dette. 

Rusfeltets hovudorganisasjon har samla lenker til fleire brukarundersøkingar innan rus- og psykisk helsefeltet

Forsking for utvikling av praksis

Nedanfor gjev vi døme på kvalitative studiar av implementering og praksisutvikling, med større eller mindre innslag av samskaping der både erfaringskompetanse og fagkompetanse inngår. I framtida vil det vere tenleg både å vidareutvikle denne type forsking og å supplere med kvantitativ implementeringsforsking.

Kristiansen, F. A., Stige, B. & Helle-Valle, A. (2023). Characteristics of music therapy with beneficial impacts on agitation in dementiaVoices: A World Forum for Music Therapy, 23(2). 

Rolvsjord, R. (2018). Music therapy in a recovery-oriented unit: a qualitative study of users’ and staff’s experiences with music therapy in mental health care. American Journal of Psychiatric Rehabilitation, 21(1-2). 

Tuastad, L., Johansen, B., Østerholt, A.L., Nielsen, I. & Hansen McIvor, D.S. (2023). Being a person who plays in a band rather than being a person with a mental illness playing in a band: A qualitative study of stigma in the context of music therapy in mental health aftercareNordic Journal of Music Therapy, 32(2), 121-139. 

Ødegaard, C., Engebretsen, I., Veseth, M., Blindheim, A. & Stige, B. (2022). Health care workers’ perspectives on the challenges and possibilities of music therapy within medication-free treatment services. Nordic Journal of Music Therapy, 32(3), 241-259. 

Har du ein prosjektidé?

Polyfon gjev støtte til studiar av implementering, inkludert studiar som veks ut av kvalitetssikring og brukarundersøkingar. Dei to mest relevante støtteordningane er sommarstipend og forskingsstøtte:

Polyfon lyser ut sommarstipend for klyngas musikkterapistudentar kvart år, med søknadsfrist 1. februar. 

Tilsette hjå Polyfons klyngedeltakar kan søkje om forskingsstøtte. Årlege søknadsfristar er 1. februar og 1. oktober.

Føredrag under Polyfon-konferansen 2023

Polyfon-konferansen er ein viktig arena for erfaringsdeling og kunnskapsformidling. Her ser vi Merethe Wolf Lindvall (musikkterapeut ved Barne- og ungdomsklinikken, Haukeland universitetessjukehus) og Silja Torvik Griffiths (overlege ved nevrologisk seksjon, Haukeland universitetssjukehus) under 2023-konferansen. Begge er del av leiarteamet for eit nytt palliativt team for barn og unge.

Foto/ill.:
Julie Amilien Simon, Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi (UiB)