Hjem
Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi
Kunnskapsbeskriving

Musikkterapi og eldrehelse

Polyfons kunnskapsbeskrivelser er utformet med tanke på tjenestenes og brukernes informasjonsbehov. Få oversikt over nasjonale føringer, effekter og brukererfaringer, praksis og implementering. Se også aktuelle lenker, bl.a. til informasjon om pågående forskning.

Kor fra Bergen kompetansesenter for demens
Koret frå Bergen kompetansesenter for demens opna Polyfon-konferansen 2023.
Foto/ill.:
Julie Amilien Simon, Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi (UiB).

Hovedinnhold

Eldre menneske sine helsebehov kan vere svært samansette, med komplekse sjukdomsbilete. Mange eldre har ulike typar nevrodegenerative sjukdommar som førar til kognitiv svikt og andre utfordringar. Eldre kan også ha utfordringar med psykisk helse, og streve til dømes med rusproblem, angst og depresjon. Meir allment har mange eit stort behov for kontakt, stimulering og sosialt samvær.

Dei siste åra har ein både i Noreg og i utlandet vorte meir merksame på at musikkterapi kan vere ei nyttig tilnærming i møte med mange av desse helseutfordringane. Det er stor interesse for korleis ein kan bruke musikk og musikkterapi i møte med eldre menneske, både frå politikarar, helsebyråkratar, tilsette i helsetenestene, brukarar, og pårørande.

Vi vil i denne kunnskapsbeskrivinga først gjere greie for den todelinga av musikkterapeutane si yrkesrolle som kan lesast ut av Nasjonal fagleg retningslinje om demens, og som høver godt til norske praksistradisjonar. Så vil vi tydeleggjere kva musikkterapi kan innebere i praksis, med vekt på personsentrerte og samfunnsorienterte tilnærmingar, før vi gjev ei beskriving av aktuelle effektstudiar. Til slutt set vi dette i kontekst ved å beskrive norsk musikkterapiutdanning og aktuell forsking ved GAMUT.

Merk at det dei seinare åra har vorte vanleg å nytte samleomgrepet musikkterapi og eldrehelse i staden for musikkterapi og eldreomsorg, då dette betre famnar heile spekteret av helserelatert musikkbruk under leiing av musikkterapeut.

Nasjonale føringar

Retningslinjer

Universitetet i Bergen og Noregs musikkhøgskule utdannar kvalifiserte musikkterapeutar med kompetanse på å arbeide med eldre menneske. Utdanningskravet i Noreg, som i dei fleste andre europeiske land, er ein mastergrad i musikkterapi.

Nasjonal fagleg retningslinje om demens (IS-2658) beskriv musikkterapeutens yrkesrolle slik: «En musikkterapeut kan være et alternativ for å gi veiledning/opplæring til helsepersonell for bruk av musikk som miljøbehandlingstiltak, kartlegge individuelle musikkpreferanser sammen med pasient og/eller pårørende og til å arbeide med pasienter med spesielle behov» (pkt. 9.2 i retningslinje om demens).

Denne beskrivinga av musikkterapeutar si yrkesrolle reflekterer ein nasjonal situasjon der det førebels er relativt få musikkterapeutar i eldrehelsefeltet, samstundes som det dei siste åra har vore meir fokus på å ta i bruk musikk for å gje eit heilskapleg helsetilbod til eldre menneske. Helsedirektoratet har i regi av Kompetanseløft 2020 øyremerkt midlar til opplæring av helsepersonell i det å bruke musikk som miljøbehandling i eldreomsorga. Skal dette verte eit varig og berekraftig løft, er det nødvendig at musikkterapeutar tar og får ansvar for å følgje opp med støtte og rettleiing til andre profesjonar, og også til pårørande og frivillige.

Ein todelt yrkesrolle for musikkterapeutar

Musikkterapeutar får då ei todelt yrkesrolle, der ein både arbeider med individ og grupper og med dei kontekstane og systema som omgjev klienten. Dette er ikkje noko nytt i musikkterapien, der ein gjerne skil mellom direkte og indirekte arbeidsmetodar. Direkte arbeid inneber musikkterapi der musikkterapeuten sjølv deltek i musikkterapeutisk samhandling med ein eller fleire klientar. Indirekte arbeid inneber tiltak som er retta mot dei menneska som er rundt klienten, og kan i eldrehelsesamanheng til dømes omfatte tiltak der musikkterapeuten lærer opp helsepersonell i korleis dei kan nytte song som kommunikasjon og emosjonell regulering i ein stellsituasjon.

Effektar av musikkterapi

Ei oppsummering

Forsking på musikkterapi i eldreomsorga, særleg retta mot demensomsorga, viser at musikkterapi har positive helseeffektar. Dette omfattar mellom anna det å auke deltaking i kvardagen, redusere depresjon og angst og bidra til å skape gode augneblikk som gir energi, nyting og tillit. Det kan også ha ei avslappande effekt, skape sosiale relasjonar, og ha verknad på ei rekke andre faktorar knytt til livskvalitet:

Musikkterapi reduserer

  • Agitasjon
  • Inntak medikament
  • Depresjon
  • Angst
  • Åtferdsforstyrringar

Musikkterapi betrar

  • Livskvalitet
  • Sosiale relasjonar
  • Humør, sinnsstemning
  • Minne
  • Merksemd

Effektane i denne samanheng er i hovudsak korttidseffektar, då det førebels ikkje er etablert mange gode studiar som måler langtidsverknad.

Det er mangel på studiar som undersøkjer musikkterapi for heimebuande eldre (men sjå ALMUTH-studien nedanfor).

Utvalde systematiske oversikter publiserte etter 2013

Dei siste åra har det vore ein rask auke i internasjonale effektstudiar og systematiske oversikter. Her følgjer ei liste over nokre oversikter publiserte etter 2013:

  • Archie, P., Bruera, E. & Cohen, L. (2013). Music-based interventions in palliative cancer care: a review of quantitative studies and neurobiological literature. Support Care Cancer, 21(9), s. 2609–24.
  • Bradt., J., Dileo, C., Magill, L. & Teague, A. (2016). Music interventions for improving psychological and physical outcomes in cancer patients. Cochrane Database of Systematic Reviews 2016, Issue 8. Art. No.: CD006911. doi: 10.1002/14651858.CD006911.pub3
  • Elliott, M. & Gardner, P. (2018). The role of music in the lives of older adults with dementia ageing in place: A scoping review. Dementia, 17, s. 199–213.
  • Fakhoury, N., Wilhelm, N., Sobota, K.F. & Kroustos, K.R. (2017). Impact of music therapy on dementia behaviors: A literature review. Consult. Pharm., 32, s. 623–628.
  • Fusar-Poli, L., Bieleninik, L., Brondino, N., Chen, X.J. & Gold, C. (2017). The effect of music therapy on cognitive functions in patients with dementia: A systematic review and meta-analysis. Aging Ment. Health, s. 1–10.
  • Ing-Randolph, A.R., Phillips, L.R. & Williams, A.B. (2015). Group music interventions for dementia-associated anxiety: A systematic review. Int. J. Nurs. Stud., 52, s. 1775–1784.
  • Livingston, G., Kelly, L., Lewis-Holmes, E., Baio, G., Morris, S., Patel, N., . . . Cooper, C. (2014). A systematic review of the clinical effectiveness and cost-effectiveness of sensory, psychological and behavioural interventions for managing agitation in older adults with dementia. Health Technology Assessment, 18(39), 1-226. doi: 10.3310/hta18390
  • McDermott, O., Crellin, N., Ridder, H. M. O. & Orrell, M. (2013). Music therapy in dementia: a narrative synthesissystematic review. International Journal of Geriatric Psychiatry, 28(8), 781-794. doi: 10.1002/gps.3895
  • Pedersen, S.K.A., Andersen, P.N., Lugo, R.G., Andreassen, M. & Sütterlin, S. (2017). Effects of music on agitation in dementia: A Meta-Analysis. Front. Psychol., 8, s. 742.
  • Tsoi, K.K.F., Chan, J.Y.C., Ng, Y.M., Lee, M.M.Y., Kwok, T.C.Y. & Wong, S.Y.S. (2018). Receptive music therapy is more effective than interactive music therapy to relieve behavioral and psychological symptoms of dementia: A systematic review and meta-analysis. J. Am. Med. Dir. Assoc. 19(7), s. 568-576.e3.
  • Van der Steen, J.T., Smaling, H.J.A., van der Wouden, J.C., Bruinsma, M.S., Scholten, R. & Vink, A.C. (2018). Music-based therapeutic interventions for people with dementia. Cochrane Database Syst. Rev. 2018.10.08.
  • Zhang, Y., Cai, J., An, L., Hui, F., Ren, T., Ma, H. & Zhao, Q. (2017). Does music therapy enhance behavioral and cognitive function in elderly dementia patients? A systematic review and meta-analysis. Ageing Res. Rev., 35, s. 1–11.

Merk: Ulike metaanalysar gjev noko ulike resultat, m.a. når det gjeld om musikkterapi har positiv effekt på agitasjon eller ikkje. Dette reflekterer m.a. at resultat kan verte usikre av di ikkje alle studiar er tydelege i sine definisjonar av intervensjonen (musikkterapi eller andre musikkbaserte intervensjonar). To tekstar som drøftar denne utfordringa for forskingsfeltet er:

Utvalde effektstudiar frå nordisk kontekst

Dei fleste effektsstudiar er gjennomførte utanfor Norden, men der er nokre studiar som byggjer på praksis i skandinavisk samanheng:

  • Elefant, C., Baker, F.A., Lotan, M., Lagesen, S.K. & Skeie, G.O. (2012). The effect of group music therapy on speech, and singing in individuals with Parkinson´s disease – a feasibility study. Journal of Music Therapy, 49(3), s. 278-302.
  • Kvamme, T. S. (2013). Glimt av glede: Musikkterapi med demensrammede som har symptomer på depresjon og angst (Doktorgradsavhandling, Norges musikkhøgskole, Oslo). 
  • Ridder, H. M. O., Stige, B., Qvale, L. G. & Gold, C. (2013). Individual music therapy for agitation in dementia: an exploratory randomized controlled trial. Aging & Mental Health, 17(6), 667-678. doi: 10.1080/13607863.2013.790926

Praksis og implementering

Personsentrert og samfunnsorientert praksis

I eldreomsorga er det vanleg at musikkterapeutar arbeider ut ifrå ei personsentrert tilnærming (Kitwood, 1997), som også inkluderer ei ressurs- og samfunnsorientert tilnærming (Stige & Ridder, 2016). Dette inneber å møte den enkelte klient på ein heilskapleg måte, slik at psykososiale behov blir møtt. Slik prøver ein å sjå personen bak sjukdomen og fokusere på klientens ressursar. Brukarinvolvering og fokus på ein mest mogeleg likeverdig relasjon er også sentralt i den terapeutiske prosessen. Det inngår også i ei personsentrert tilnærming å sjå klienten i ein større kontekst, og freiste å byggje eit godt psykososialt miljø som motverkar tingleggjering og tap av personstatus.

I musikkterapi arbeider ein gjennom musikalsk samhandling. Dette kan innebere det å synge kjende songar, lytte til musikk, spele saman på ulike instrument, improvisere, komponere musikk saman, eller å danse. I terapiforløpet er musikkterapeutens sensitivitet rundt bruken av musikk essensiell, då den enkelte klient kan reagere ulikt på musikken. Musikk kan vekke både gode og vonde kjensler og minner, og dette har musikkterapeuten kompetanse til å ta omsyn til og arbeide ut ifrå. Dette inneber at musikkterapeuten arbeider med affektregulering og kjenslekommunikasjon gjennom musikken i møte med den enkelte klient.

Musikkterapeutar som arbeidar på institusjonar vil legge vekt på å delta på behandlingsmøte og andre samarbeidsforum, for å sikre koordinering med andre helsetiltak og den daglege pleie. Musikkterapeuten har også ofte kontakt med miljøet utanfor institusjonen, eksempelvis pårørande, frivillige aktørar og lokale kulturtiltak.

Musikkterapeutiske arbeidsmetodar

Direkte arbeid med individ og grupper

  • Knardal, S. E. & Hynninen, M. (2016). Musikkterapi i alderspsykiatrien: utredning og behandling. I: B. Stige & H. M. Ridder (Red.). Musikkterapi og eldrehelse (s. 120-132). Oslo: Universitetsforlaget.
  • Schmid, W. & Skrudland, H. (2016). Musikkterapi i palliativ omsorg. I: Stige, B. & Ridder, H.M. (red). Musikkterapi og eldrehelse. Oslo: Universitetsforlaget, s. 177-186.
  • Stige, B. & Ridder, H. M. O. (Red.). (2016). Musikkterapi og eldrehelse. Oslo: Universitetsforlaget.
  • Stige, B. (red.) (2014). Ressurshefte basert i prosjektet «Musikk og eldre 2008-2014». Bergen: GAMUT – Griegakademiets senter for musikkterapiforsking (Universitetet i Bergen og Uni Research Helse).

Indirekte arbeid med system og miljø

Heimebasert arbeid

  • Baker, F. A., Grocke, D. & Pachana, N. A. (2012). Connecting through music: A study of sposual caregiver-directed music intervention designed to prolong fulfilling relationships in couples where one person has dementia. Australian Journal of Music Therapy, 23, 4-21.
  • Schmid, W. & Ek Knutsen, M.S. (2016). Musikk som helseressurs i hverdagen for hjemmeboende pasienter. I: Stige, B. & Ridder, H.M. (red). Musikkterapi og eldrehelse. Oslo: Universitetsforlaget, s. 79-87.
  • Schmid, W. & Ostermann, T. (2010). Home-based music therapy – a systematic overview of settings and conditions for an innovative service in healthcare. BMC Health Services Research, 10(291).

Case-beskrivingar

  • Knardal, S. E. (2017). «Eg har så vondt i dag, eg orkar ingenting!». I: T. Næss & E. Ruud (Red.). Musikkterapi i praksis (s. 63-66). Oslo: NMH, Senter for forskning i musikk og helse (CREMAH).
  • Stige, B. (2010). Del 9 i: B. Stige, G. Ansdell, C. Elefant & M. Pavlicevic (Red.). Where music helps: Community music therapy in action and reflection (s. 245-274). England: Ashgate Publishing Limited.

Teoretiske perspektiv

  • Kitwood, T. (1997). Dementia reconsidered: The person comes first. Buckingham: Open University Press.
  • Pavlicevic, M., Tsiris, G., Wood, S., Powell, H., Graham, J., Sanderson, R., . . . Gibson, J. (2015). The «ripple effect»: Towards researching improvisational music therapy in dementia care homesDementia, 14(5), 659-679. 
  • Ridder, H. M. (2016). Musik i et personcentreret perspektiv. I: B. Stige & H. M. O. Ridder (red.). Musikkterapi og eldrehelse (s. 38-44). Oslo: Universitetsforlaget.
  • Rolvsjord, R. (2010). Resource-oriented music therapy in mental health care. NH: Barcelona: Gilsum, NH.
  • Stige, B. & Ridder, H. M. (2016). Fagutvikling i praksis. I: B. Stige & H. M. O. Ridder (Red.). Musikkterapi og eldrehelse (s. 234-238). Oslo: Universitetsforlaget.

Nokre aktuelle lenker

Film om musikkterapi og eldrehelse

Ein smakebit av informasjonsvideoen Lyden av liv

Bestilling av Lyden av liv (gratis for institusjonar)

Musikkterapiutdanninger i Norge

Supplerende utdanningstilbud finnes også, både på bachelor- og ph.d.-nivå, se:

Arbeidsgrupper og nasjonalt nettverk

Pågåande forskningsprosjekt

Fagpersonar i Noreg som forskar på musikkterapi og eldrehelse

Forskningssentrene GAMUT ved UiB/NORCE og CREMAH ved Norges musikkhøgskole bidrar i den internasjonale forskingsfronten på feltet.

Ta gjerne kontakt med forskere for foredrag og informasjon eller for å drøfte muligheter for samarbeid om forskning på musikkterapi og eldrehelse.

Lyden av liv - smakebit

Produsent:
Think Vivid Media