Utdanningstilbod innan musikkterapi / musikk og helse
Kunnskapsklynga Polyfons visjon er at helseressursen musikk skal vere tilgjengeleg for alle, med musikkterapi til alle som ønskjer og treng det og aktiv styrking av musikk som folkehelseressurs i lokalsamfunnet.
Hovedinnhold
I arbeidet med å realisere visjonen skissert i ingressen, arbeider kunnskapsklynga med konkrete delmål knytt til tenesteutvikling, forsking, utdanning og formidling. Her gjev vi eit oversyn over utdanningstilbod innan musikkterapi / musikk og helse ved dei utdanningsinstitusjonane som er knytte til Polyfon-samarbeidet på ulike måtar:
Ph.d.-utdanning i musikkterapi
Ph.d.-utdanning i musikkterapi er etablert både ved Norges musikkhøgskole (NMH) og ved Griegakademiet (UiB).
- Ved NMH er doktorgradsutdanning i musikkterapi knytt til eit ph.d.-program innan oppføringspraksis, musikkpedagogikk og musikkterapi.
- Ved UiB er doktorgradsutdanning i musikkterapi knytt til ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultet, med forskaropplæringa knytt til den regionale forskarskulen Grieg Research School in Interdisciplinary Music Studies.
Profesjonsutdanning i musikkterapi
I Noreg, som i dei fleste europeiske land, er master i musikkterapi det grunnleggjande kompetansenivået for musikkterapeutar. For å bli musikkterapeut, må du altså ha studert fem år på universitetsnivå.
- Ved Griegakademiet (UiB) kan du ta ein femårig integrert master i musikkterapi. Innpassing er mogeleg for studentar med relevant grunnutdanning på universitetsnivå.
- Ved Norges musikkhøgskole (NMH) kan du ta ein toårig master i musikkterapi, etter ein bachelorgrad med minimum 1 år musikk og helse.
Bachelor i musikk og helse
Ein bachelor i musikk og helse kan kvalifisere til opptak på masterstudiet i musikkterapi ved Norges musikkhøgskole, i tillegg til ulike musikkvitskaplege mastergradar. Ein kan også søkje om innpass ved det femårige, integrerte masterstudiet ved Griegakademiet, UiB.
- Ved Ansgar høyskole er det etablert ein bachelor i musikk og helse.
Delemne, valemne og vidareutdanningstilbod innan musikk og helse
Kunnskap om musikk som helse er relevant også for deg som ikkje vel å ta ei profesjonsutdanning i musikkterapi, både fordi det gjev ny forståing og nye reiskapar og fordi det byggjer grunnlag for tverrfagleg og tverrprofesjonelt samarbeid.
- Nord universitet har etablert emna Musikkbasert miljøbehandling 15 stp. og Kunst og kultur i helse og omsorg, 15 stp.
- Norges musikkhøgskole har etablert Årseining i musikk og helse, 60 stp. på heiltid eller deltid. Årseininga kan brukast som del av grunnlag for opptak til toårig master i musikkterapi (sjå over) eller som ei vidareutdanning.
- NTNU, Institutt for helsevitenskap, Gjøvik, har etablert emnet Musikkbasert miljøbehandling, 15 stp.
- Universitetet i Agder og Ansgar høyskole samarbeider om Videreutdanning i musikk, kultur og helse, 30 stp.
- Universitetet i Bergen, Det medisinske fakultet har etablert valemnet Musikk og hjernen, 3 stp., der innføring om musikkterapi inngår.
- Universitetet i Bergen, Griegakademiet har etablert valemnet Musikk og hjerne, 15 stp., og også vidareutdanningstilbodet Musikk som verktøy i førebyggjande arbeid med barn og unge, del 1 (5 stp.) og Del 2 (5 stp.).