Hjem
Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi
INFOSIDE

Alle UiB-fakultet i samarbeid om musikk, helse og samfunn

Dei siste åra er det bygd opp mykje spennande forskingssamarbeid knytt til musikk, helse og samfunn ved UiB. Med kunnskapsklynga Polyfon som katalysator, går dei sju UiB-fakulteta no saman om eit meir varig og systematisk samarbeid.

Bogegangar
UiB bruker Polyfon for å byggje tverrfakultært samarbeid om musikk, helse og samfunn.
Foto/ill.:
Erling Sivertsen, UiB

Hovedinnhold

Musikk på tvers

Kunnskapsklynga Polyfon byggjer møteplassar mellom akademia og samfunnet rundt. Målet er å bidra til at eksisterande kunnskap kjem brukarar og samfunn til nytte, og å byggje samarbeidspraksisar som kan styrke føresetnadane for kunnskaps- og kompetanseutvikling på eit høgt internasjonalt nivå. Difor har Polyfon også bidrege til å stimulere nye tverrfaglege samarbeidsrelasjonar ved klyngas vertskapsinstitusjon, UiB.

Eit slikt samarbeid indikerer at musikkterapi er større enn seg sjølv. Det er eit relativt nytt og lite fag, men kan vere med på å opne opp tverr- og transfaglege landskap der alt frå kunstfag til hjerneforsking, medisin, psykologi, humaniora, jus og samfunnsvitskap kan finne sin plass, bidra i ein fellesskap og ha utbyte av å samarbeide.

Tverrfakultær arbeidsgruppe

Det er etablert ei tverrfakultær arbeidsgruppe med forskarar frå alle dei sju fakulteta ved UiB. Gruppa skal bidra til at universitetet vidareutviklar og tar i bruk potensialet for samarbeid om musikk, helse og samfunn.

    Bakgrunn

    Sidan musikkterapi vart etablert som universitetsfag i Bergen i 2006, er det bygd opp nye tverrfakultære samarbeidsrelasjonar ved UiB. 

    3. april 2024 arrangerte Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) ein tverrfakultær konferanse om Musikk, livskvalitet og samfunnsdeltaking. Konferansen førte til at dekangruppa, i dialog med UiBs rektorat, bestemte seg for å leggje til rette for eit meir varig og systematisk samarbeid.

    Noko av samfunnskonteksten for den nye tverrfakultære satsinga ved UiB er:

    • Noreg, som mange andre land, er inne i ei samfunnsutvikling med store endringar i demografi og økonomi, noko som inviterer til nye former for tverrfagegheit og driv fram meir tverrsektorielt samarbeid
    • Også når det gjeld andre viktige samfunnsutfordringar, som brot på og/eller manglande realisering av menneskerettane, er nye tverrfaglege perspektiv på kunst og kultur i ferd med å ta form
    • WHO har sidan 2019 hatt ei styrkt satsing på Arts and Health