Kva inneber det å vere klyngedeltakar i Polyfon?
Organisasjonane som er med i Polyfon bidrar til å styrke kunnskaps-, kompetanse- og/eller tenesteutvikling innan klyngas fagområde og drar sjølve nytte av den faglege tyngda som samarbeidet gjev. Kvar enkeltdeltakar kan også bruke klyngas ulike støtteordningar.
Hovedinnhold
Ta gjerne kontakt dersom de vurderer klyngedeltaking, har spørsmål eller ønskjer nærare informasjon.
Kriterium for deltaking
For å kunne bli klyngedeltakar i Polyfon må ein organisasjon:
- ha eit norsk organisasjonsnummer
- ha eit sjølvstendig ansvar innan Klynga fagområde når det gjelder formidling, tenester/tilbod, forsking og/eller utdanning
- ha føresetnader for å gjere ein innsats saman med andre klyngedeltakarar for å realisere klyngas målsetjingar
- ha forankra si klyngedeltaking i Polyfon på aktuelt leiarnivå
Klyngeavtalen med vedlegg <lenke> gjev rammene for kva klyngedeltaking inneber av rettar og plikter. Sjå også informasjon om deltakaravgift i klyngeavtalens Vedlegg 4.
Kva mogelegheiter gir klyngedeltaking for ein enkeltdeltakar?
Klyngedeltaking gjev mogelegheiter til å vere ein del av ein fagfellesskap for utvikling av formidlingsaktivitet, praksis, kunnskap og kompetanse innan eit løfterikt fagområde som m.a. gir rom for ressursorientert samskaping.
Meir konkret: Klyngedeltaking gjer det mogeleg å styrke kvalitet og omfang i eigen fagaktivitet, ved at ein kan:
- få råd og fagleg støtte til planarbeid, prosjekt- og utviklingsarbeid
- delta i nettverk og faglege fellesskap der ein kan «spele kvarandre gode»
- delta gratis i klyngas seminar og konferansar
- få tilgang til klyngas prosjektmidlar og formidlingsstøtte
- auke eigne mogelegheiter til å generere eksterne prosjektinntekter
Sjå også infosida Korleis bruke klynga?
Erfaringar frå ulike aktørar
Vi har samanfatta nokre av dei erfaringane ulike typar enkeltdeltakarar har gjort seg:
- Kva erfaringer har høgskular, universitet og forskingsinstitutt med Polyfon?
- Kva erfaringar har helseforetak og privat-ideell spesialisthelseteneste med Polyfon?
- Kva erfaringar har kommunar og fylkeskommunar med Polyfon?