Lektor i naturvitskap og matematikk (integrert master)

Vil du inspirere fleire unge til å utforske og lære realfag? Med lektorprogrammet blir du lærar i ungdomsskulen eller vidaregåande skule. Samstundes opnar ei solid realfagsutdanning døra til spennande karrierar også i andre bransjar.

Kva lærer du?

På lektorprogrammet får du ei solid utdanning i to realfag. Gjennom leksjoner i pedagogikk, og fagdidaktikk lærer du å planleggje god undervisning, formidle fagstoff og skape eit trygt læringsmiljø. I tillegg har du fire praksisperiodar der du får verdifull erfaring som lærer og utviklar deg til å bli trygg i rollen. 

Du kan velje blant desse fagkombinasjonane: 

  • Fysikk med matematikk som fag 2
  • Matematikk med fysikk, kjemi, biologi eller naturfag som fag 2 
  • Biologi med kjemi, matematikk eller naturfag som fag 2 
  • Kjemi med biologi, matematikk eller naturfag som fag 2 

Du velger ett fag (fag 1) som du fordyper deg mest i og skriver masteroppgave om. Oppgåva kan enten ha fokus på undervisning i faget, eller vere reint realfagleg. I arbeidet med masteroppgåva får du moglegheit til å forske sjølv og fordjupa deg i eit tema du er interessert i. 

Studiekvardag

Som student blir du del av eit engasjert lektormiljø frå første studiedag. Som førsteårsstudent får du ta del i mentorordninga ved UiB, der studentmentorar hjelper deg med å bli kjend med studiet, campus og medstudentane dine. Det gir ein trygg og sosial start på studietida!

Lektorstudentane har et eige rom «Lærerværelset», som er ein møteplass som fungerer både som lesesal og sosial arena. Studieprogrammet har også eigen linjeforeining, Real Lektor, som arrangerer sosiale aktivitetar for studentane. 

Studiekvardagen er variert, og undervisninga vekslar mellom ulike arbeidsformer. Avhengig av fag kan du ha førelesingar, gruppearbeid, seminar, laboratoriearbeid og feltkurs.

Ein viktig del av studiet er praksis. Totalt har du 100 praksisdagar fordelt på fire perioder, der du får erfaring med undervisning og samarbeid i skulen. 

Kva kan du jobbe som?

Dei fleste som fullfører utdanninga, blir lærarar i ungdomsskulen eller vidaregåande skule, men utdanninga opnar òg dører til arbeidslivet utanfor skulen. Som lektor med realfagsbakgrunn får du ikkje berre solid fagkunnskap, men òg kompetanse innan analyse, kommunikasjon, formidling og pedagogikk. Dette er etterspurde ferdigheiter innan mellom anna teknologi, energi, konsulentverksemd, forsking og offentleg forvaltning.

Les intervju med tidlegare studentar

Opptakskrav og søknadsfrist

Opptakskrav: LÆREAL

Generell studiekompetanse, i tillegg til gjennomsnittskarakter 3 eller betre i norsk, minst 35 skulepoeng og Matematikk R1 (eller S1 og S2). I tillegg anten:

  • Matematikk R2
  • Fysikk 1 og 2
  • Kjemi 1 og 2
  • Biologi 1 og 2
  • Informasjonsteknologi 1 og 2
  • Geofag 1 og 2
  • Teknologi og forskingslære 1 og 2

I tillegg: Politiattest (jf. forskrift om opptak til høgare utdanning, kapittel 6)

Søknadsfrist: 15. april

Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk

Studiets oppbygging

1. semester:

PEDA130 – Innføring i pedagogikk for lektorstudentar med kortpraksis (10 studiepoeng)

Emne i realfag (20 studiepoeng)

2. semester

Emne i realfag (30 studiepoeng)
KPDAG1- Kampuspraksisdag 1: Mobbing (1 dag)

KPDAG2 - Kampuspraksisdag 2: Ungdomskultur: identiteter og utfordringer (1 dag)

3. semester

REALDI100-P – Læring i realfaga med kortpraksis (10 studiepoeng)

Emne i realfag (20 studiepoeng)

4. semester

Emne i realfag (30 studiepoeng)

KPDAG3 - Kampuspraksisdag 3: Digitale verktøy i skolen (1 dag)

KPDAG4 - Kampuspraksisdag 4: Undervisning om kontroversielle tema (1 dag)

5. semester

Ex.phil (10 studiepoeng) 

REALDI200 – Realfagsdidaktikk 2 (10 studiepoeng)

PEDA131 – Læreplan og undervisning (10 studiepoeng)

KPDAG5-MN - Kampuspraksisdag 5 for realister: Læringsarenaer utanfor klasserommet (1 dag) 

LANGPRAKSIS1 – Første langpraksisperiode 

6. semester

Emne i realfag (30 studiepoeng)

7. semester

Emne i realfag (30 studiepoeng)

KPDAG6 - Kampuspraksisdag 6: Kontaktlærerrollen (1 dag)

KPDAG7 - Kampuspraksisdag 7: Skolens hjelpeapparat (1 dag)

8. semester

PEDA132 – Lærarprofesjonalitet (10 studiepoeng)

KPDAG8-MN  - Kampuspraksisdag 8 for realister: Undervising for berekraftig utvikling (1 dag)

LANGPRAKSIS2 – Andre langpraksisperiode 

Velg to av desse emna:

MATDI300 – Matematikkdidaktikk (10 studiepoeng)

PHYSDI300 –  Tilrettelegging for læring i fysikk (10 studiepoeng)

KJEMDI300 – Kjemididaktikk (10 studiepoeng)

BIODI300 – Biologididaktikk (10 studiepoeng)

NATDI300 – Tilpassa undervisning i naturfag (10 studiepoeng)

9. semester

Emne i realfag (30 studiepoeng)

10. semester

KPDAG9-10 - Kampuspraksisdag 9 og 10: Lektorutdanningskonferansen "Den lærende læreren" (2 dager)

Masteroppgåve (30 studiepoeng)

 

Sjå oversikt over studieløp for nærmare informasjon om kva realfagsemne som inngår i dei ulike fagkombinasjonane og kvar dei kampusbaserte dagane er plassert.

(Studentar tatt opp før 2024 kan finne oversikt over studieløp i Mitt UiB)

Sjå oversikt over alle emner ved UiB 

Studieretningar

Utveksling

I løpet av lektorprogrammet kan du reise på utveksling eitt semester for å ta emne på eit universitet i utlandet. Som lektorstudent kan du søke om å ha langpraksis på UiBs samarbeidsskole i Cape Town. 

Informasjon om praksis i utlandet

Sjå utvekslingsavtalar

Vidare studiemoglegheiter

Med lektorutdanning har du òg ein mastergrad som kan kvalifisere til søknad til ph.d.-program. Du kan bygge på utdanninga med eit tredje undervisningsfag ved å ta 60 studiepoeng i eit anna skolefag, slik at du kan undervise i fleire fag. Det finst også ulike moglegheiter for etter- og vidareutdanning for eksempel innan spesialpedagogikk, skoleleiing og kollegarettleiing

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 30 30
E-post: lektor.realfag@uib.no

Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Lektorprogram i naturvitenskap og matematikk