Hjem
Det psykologiske fakultet

Hospitant ved Det psykologiske fakultet

Studentar med ein aktiv studierett ved andre høgare lærestader i Noreg kan søkje om å få ta enkeltemne ved Det psykologiske fakultet.

Kven?

Studentar med ein aktiv studierett ved andre høgare lærestader i Noreg kan søkje om å få ta enkeltemne ved Det psykologiske fakultet.

Ver merksam på at studentar som er tekne opp til etter- og vidareutdanningstilbod ved andre lærestader, ikkje kan søkje om hospitering ved UiB.

Kva?

Hospitantar kan ta alle våre opne emne, men maksimalt 60 studiepoeng. Du kan hospitere i inntil eit år, men du må likevel søkje kvart semester.

Dersom du blir teken opp som hospitant, får du dei same rettane og pliktane i høve til Forskrift om opptak ved UiB og Sørviserklæringa for UiB som andre studentar ved UiB.

Korleis?

Fristen for å søke om hospitering er 15. august for å ta emne i haustsemesteret, og 15. januar for å ta emne i vårsemesteret. Du søkjer på eige skjema som du finn til  på denne sida når søknadsperioden er opna. Saman med søknadsskjemaet må du legge ved stadfesting på at du er student ved ein anna høgare lærestad i Noreg.

Stadfestinga frå lærestaden må innehalde informasjon om kva studieprogram du har studierett ved, kva som er normert slutt på studiet ditt og at du er aktiv student det semesteret du søekr om

Det er ikkje nok med ei utskrift eller skjermdump frå StudentWeb.

Vert søknaden din innvilga, må du og dokumentere betalt semesteravgift for semesteret du har søkt for.