Hjem
Institutt for sammenliknende politikk
Praksis i sammenliknende politikk

Vestland fylkeskommune

Praksisplassen i Vestland fylkeskommunene er knyttet til seksjon for statistikk, kart og analyse Høsten 2021 vil praksisplassen knyttes til et stærre satsingsområde innen E-sport og gaming

Vestland fylkeskommune
Foto/ill.:
Vestland fylkeskommune

Hovedinnhold

Det er for tida fleire spennande debattar om organisering av e-sport. Norges E-sportforbund har søkt opptak i Norges Idrettsforbund og det er ulike formar for organiseringa av lokale og regionale klubbar. Vi ser i tillegg at den politiske interessa for område er fremja på tvers av parti-koalisjonar, og at område stadig er eit tema i offentleg debatt. Fylkeskommunen tar del i organisasjonsbygging, kompetanseutvikling, nettverksbygging og aktivitetsutvikling innan e-sport og gaming (interesserte i dette kan delta på webinar Aktive Gamere 7. mai).

 

Fylkeskommunen jobbar med ein eigen e-sportstrategi. Vi ønskjer ein student som kan bidra til dette arbeidet med innhenting av data, kartlegging og systematisering.

 

Det er mange område innanfor e-sport og gaming som kan knytast til fylkeskommunen sine tenesteområde og oppgåver. Fylkeskommunen vil for eksempel prøve å utvikle meir kunnskap om e-sport som undervisningstilbod med mål om å inspirere fleire skular til å starte opp. Fylkeskommunen ønsker også å bidra til forsking for å sjå korleis e-sport kan nyttast i arbeid med å utvikle tilrettelagt opplæring for elevar med særlege behov.

 

Studentpraktikanten vil ha sitt daglege virke i seksjon for idrett og friluftsliv, men vil få oppfølging til sin praksisrapport frå seksjon for statistikk, kart og analyse.