Hjem
Institutt for sammenliknende politikk
Praksis i sammenliknende politikk

Vestland fylkeskommune

Vestland fylkeskommune blei etablert 1. januar 2020 etter samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar. Fylkeskommunen skal sette retning, engasjere og samhandle for å utvikle gode tenester og eit framtidsretta Vestland.

Vestland fylkeskommune
Foto/ill.:
Vestland fylkeskommune

Hovedinnhold

Vestland fylkeskommune har mange ulike ansvarsområde. Vi har blant anna ansvar for vidaregåande opplæring, tannhelse, fylkesvegar, kollektivt, klima og miljø, friluftsliv, kultur og mykje meir.

Dei administrative oppgåvene til fylkeskommunen er politisk styrte. Det inneber at Vestland fylkeskommune utfører politikken som dei folkevalde politikarane som sit i fylkestinget, fylkesutvalet og andre politiske utval vedtek. Fylkestinget er det øvste styringsorganet i fylket. Vestland har som dei fleste andre fylkeskommunar formannskapsmodellen og ikkje parlamentarisme. Jon Askeland (Sp) er fylkesordførar i Vestland.

Arbeidet til studenten vil i det daglege ligge til politisk sekretariat i juridisk seksjon. Politisk sekretariat er delen av juridisk seksjon som har ansvaret for førebuing, gjennomføring og oppfølging av møte i folkevalde organ. Sekretariatet har vidare ansvar for å førebu og ivareta fylkeskommunen sine oppgåver ved gjennomføring av stortingsval, kommunestyre- og fylkestingsval.

Meir konkret vil studenten jobbe tett saman med rådgjevar for politisk leiing for å løyse oppgåver knytt til den daglege drifta av fylkeskommunen i skjeringspunktet mellom politikk og administrasjon. Arbeidsoppgåvene vil ha stor spennvidde og i tillegg til langtidsprosjekt vil det oppstå uføresette behov som må løysast raskt og effektivt. Eksempel på arbeidsoppgåver som er aktuelle er taleskriving, samle inn og sette saman faktaunderlag for møte og saker, følgje opp dialog med fagavdelingane og hjelpe til å planlegging og gjennomføring av politiske møte, prosjektarbeid, førebuing og gjennomføring av konferansar. Stillinga og oppgåvene ikkje vil vere partipolitiske.

Praksisopphaldet vil gi studenten brei innsikt i fylkeskommunens ansvarsområde, offentleg forvalting meir generelt og ikkje minst politikk i praksis.