Hjem
Institutt for sammenliknende politikk
Ny artikkel av Michaël Tatham

Ny artikkel: Matteus-effekten i EU

I ein ny artikkel syner Michaël Tatham at folkerike regionar med godt utbygde overnasjonale nettverk i EU har større påverknadskraft i unionen enn mindre regionar. Det syner seg òg at dette er indirekte påverka av graden av desentralisering.

Michaël Robert Tatham/International Studies Quarterly

Sjølv om regionar berre i avgrensa grad evnar å påverke politikkutforminga på EU-nivå, aukar denne evna med folketalsstørrelsen og med kor stor grad regionen har overnasjonalt forankra representantar. Grada av desentralisering spelar likevel ei indirekte rolle ved å forsterke effektane av folketalsstørrelse og graden av overnasjonale nettverk.

 

Den forsterkande desentraliseringseffekten aukar tilsynelatande ulikskapen mellom regionane i Brüssel. Denne Matteus-effekten gjer sterke regionar sterkare på kostnad av dei regionane som i utgangspunktet var svarkare stilte. Dei to hovudkreftene som ser ut til å gjere det muleg for regionar å påverke politikkutforminga på EU-nivå er dimed 1)ein representasjonseffekt, og; 2)ein Matteus-effekt.

 

Dette viser førsteamanuensis ved Institutt for samanliknande politikk, Michaël Tatham, i ein ny artikkel i International Studies Quarterly. Les heile artikkelen i International Studies Quarterly