Hjem
Institutt for sammenliknende politikk
Ny artikkel

Mangfald for syns skuld?

Professorane William Shaffer, Eric Waltenburg (Purdue University) og Gunnar Grendstad (SAMPOL) har kartlagt graden av mangfald blant dommarane i Noregs Høgsterett.

Noregs Høgsterett
Noregs Høgsterett
Foto/ill.:
Bjoertvedt (CC BY-SA 3.0), Wikimedia Commons

I ein nyleg publisert artikkel i det skandinaviske juss-tidsskriftet Retfærd presenterer William Shaffer, Eric Waltenburg og Gunnar Grendstad ein fraksjonaliseringsindeks for Noregs Høgsterett. Indeksen er basert på fem faktorar som fungerer som mål på mangfald eller fraksjonalisering. Vidare presenterer forfattarane fraksjonaliseringsgraden i domstolen for kvart år sidan 1945 fram til i dag ved hjelp av denne indeksen.

 

Shaffer, Waltenburg og Grendstad presenterer òg nokre forklaringar på trendane i oversynet,  og føreslår at endringane i rettssamansetninga i stor mon kjem av djupe og langsiktige samfunnsmessige endringar.

 

Artikkelen er publisert i Retfærd, 2015, årgang 38, #1/145. Kontakt gjerne ein av forfattarane for ein kopi.