Hjem

Institutt for sammenliknende politikk

Rokkanførelesinga 2015

Rokkanførelesinga: Lee Epstein om domstolsforsking

Årets Rokkanførelesing blir ved professor Lee Epstein i samband med den 200-årsmarkeringa av Noregs Høgsterett.

Lee Epstein
Professor Lee Epstein, ein av verdas fremste domstolsforskarar skal halde Rokkanførelesinga i 2015.
Foto:
Roger Snider

Om Lee Epstein

Professor Lee Epstein er ein av verdas fremste domstolsforskarar. I forsking og undervising har ho fokusert på rettslære, juridiske institusjonar og på åtferda til dommarar. 

 

Epstein er Ethan A.H. Shepley Distinguished  University Professor ved Washington University i St. Louis, men underviser også i rettslære ved Universitetet i Chicago og er ein av hovudpersonane bak The U.S. Supreme Court Database Project. Åleine og i samarbeid med andre har ho forfatta over 100 vitskaplege artiklar og 17 bøker, der An Introduction to Empirical Legal Research (saman med Andrew D. Martin) er det siste tilskotet.

 

Førelesinga blir halden på engelsk under tittelen The Study of Judicial Behavior

 

Les meir om professor Lee Epstein her.

 

Om Stein Rokkan og Rokkanførelesinga

Stein Rokkan var ein internasjonal pionér innan samanliknande politikk og samfunnsforsking, og er særleg kjend for bidraga sine til forskinga på nasjonalstatar og demokrati. Rokkan var i si tid ein av dei internasjonalt største norske samfunnsforskarane, og hadde eit særleg ansvar for utbygginga av Institutt for samanliknande politikk som professor i sosiolog på 60-talet, samt pioner innan innsamling av samfunnsvitskaplege data og ein av grunnleggarane av The European Consortium for Political Research, ECPR.

 

Rokkanførelesinga er eit årleg arrangement i regi av Institutt for samanliknande politikk. Sidan Erik Allardt heldt den første Rokkanførelesinga i 1981 har Rokkanførelesinga trekt 34 leiande samfunnsvitarar til Bergen.

 

Les meir om Rokkan her