Post-doc. og ny professor toppar publiseringsliste
Ein post-doc. og ein nyutnemnd professor har fjorårets høgste publiseringspoengsum ved Institutt for samanliknande politikk. Ein av dei var universitetets sjuande mestpubliserande i fjor.

Hovedinnhold
Det er universitetsavisa På høyden som publiserer lista over
dei 100 mestpubliserande forskarane ved Universitetet i Bergen.
To av forskarane ved Institutt for samanliknande politikk gjer seg merkte i denne lista. Den første er post-doc. Gyda Marås Sindre, som har komme inn på lista med to toppnivå-publiseringar i høvesvis Party Politics og Forum for Development Studies.
Sjå profilen og publiseringslista til post-doc. Gyda Marås Sindre her.
Nyutnemnd professor på publiseringstoppen
Som det gjerne passar seg for den nyast utnemnde professoren ved instituttet, er Michaël Robert Tatham den andre frå Sampol som gjer seg merkt i publiseringslista.
Med eit samla publiseringstal på heile åtte artiklar har Tatham oppnådd heile 9,5 publiseringspoeng. Dette gjer han til den sjuande mestpubliserande akademikaren ved Universitetet i Bergen.
Sjå profilen og publiseringslista til professor Michaël Robert Tatham her.