Hjem
Institutt for sammenliknende politikk
Forskingsdagane: Forskar grand prix

Juryens favoritt: Sampol-stipendiat Julie Ane Ødegaard

Særleg jurymedlem Fredrik Saroea frå Datarock var engasjert då sampolstipendiat Julie Ane Ødegaard vart trekt fram som dommarane sin favoritt i Forskar grand prix på onsdag

Julie Ane Ødegaard Borge vart juryen sin favoritt under Forskar grand prix 2015
Julie Ane Ødegaard Borge vart juryen sin favoritt under Forskar grand prix 2015.
Foto/ill.:
Øyvind Ganesh Eknes

Hovedinnhold

Onsdag 23. september gjek Forskar grand prix av stabelen som del av Forskingsdagane i Bergen 2015. Frå Det samfunnsvitskaplege fakultetet ved Universitetet i Bergen stilte stipendiat i samanliknande politikk, Julie Ane Ødegaard Borge med si forsking på valdeltaking blant ungdom. 

 

Ødegaard sin presentasjon vart teken godt imot og ho vart trekt ut som dommarane sin favoritt, såkalla «wild-card», til finalerunda i konkurransen.

 

-Julie spelte ulike roller og tok publikum med inn i feltarbeidet sitt. Ho hadde eit vanskeleg prosjekt å formidle fordi det er så lite konkret, men ho gjorde det på ein strålende måte, i følgje juryen.

 

Sjå videoopptak frå Forskar grand prix i universitetsavisa På høyden!

 

- Superfornøgd med å få juryen til å seie at skulevalforsking er viktig!

Trass gode tilbakemeldingar til Ødegaard Borge var det til slutt Cecilie Gudveig Gjerde, som forskar på korleis ein kan dyrke kjevebein frå eigne stamceller og Tone Aspevik, som forskar på fiskeprotein som kosttilskot, som gjekk vidare til den nasjonale finalen i Trondheim laurdag 26. september. Men Ødegaard Borge var svært fornøgd med å komme til finalerunda og utbyttet ho fekk av konkurransen:

 

- Det var utruleg kjekt å vere med på FGP! Eg var supreførnøgd etter fireminuttaren der eg fekk heile juryen til å seie at forsking på skuleval er viktig. Så då var det jo ein kjempebonus å få lov å gå vidare til seksminuttaren, seier Ødegaard Borge etter konkurransen. Ho har også ei klar oppmoding til andre samfunnsforskarar neste år:

 

- Eg håpar mange andre samfunnsvitarar får lyst til å vere med framover, så får vi formidla endå meir av forskinga vår på ein annleis arena.

 

Fleire bilete frå Forskar Grand Prix hos universitetsavisa På Høyden.

 

- Som eit stykke kunst! 

Særleg jurymedlem Fredrik Saroea frå Datarock lot seg engasjere av Ødegaard Borge sin presentasjon: 

 

- Denne presentasjonen var veldig lyrisk og annleis, som eit stykke kunst, sa Saroea etter Ødegaard Borge sin presentasjon.

 

Julie Ane Ødegaard Borge og valdeltaking blant ungdom

Julie Ane Ødegaard Borge er ein av UiB sine valekspertar og har stemmegjeving, særleg blant unge, som spesialfelt. 

 

Julie brukar statsvitskaplege teoriar om motivasjon for valdeltaking til å analysere kva undom lærer om val i skulen. Med utgangspunkt i feltarbeid set ho lys på samanhengen mellom generell valdeltaking og skulevala som institusjon i den politiske opplæringa.