Forskingsrådsmidlar til Sampolprosjekt om kjønna valfinansiering
Forskingsprosjektet «MONEY TALKS: Gendered Electoral Financing in Democratic and Democratizing States» får ei stor tildeling frå Noregs forskingsråd.
Hovedinnhold
Prosjektet «MONEY TALKS: Gendered Electoral Financing in Democratic and Democratizing States» ved Institutt for samanliknande politikk, UiB, får ei stor tildeling frå Noregs forskinsråd. Det går fram av lista over prosjekt som vil få tildelt fri prosjektstøtte (FRIPRO/FRIHUMSAM) frå forskingsrådet.
Ansvarleg for søknaden er førsteamanuensis ved Inst. for samanliknande politikk, Ragnhild Louise Muriaas, og med seg på laget har ho også Lars Svåsand og Vibeke Wang. Det var til saman 153 søknader på forskarprosjekt, og 21 av desse vart innvilga.
Les meir om utdelinga på nettsidene til Noregs forskingsråd.
Kjønna valfinansiering
Forskingsprosjektet tek sikte på å anlalysere forma, årsakene til og særleg konsekvensane av kjønna valfinansiering, med fokus på samspelet mellom slik finansiering og valprosessar og institusjonar som tenderer til å vere kjønna. Frankrike, Malawi, Kenya og Storbritannia vil vere kasus for analysar.