Hjem
Institutt for sammenliknende politikk
Masterprogrammet i samanliknande politikk

«Det er veldig oppmuntrande å få bekrefta at utdanninga vår held så høgt nivå»

Masterprogrammet i samanliknande politikk er «excellent both in terms of its quality and range» og deler av programmet minner om «training at the PhD level» i følgje ei ekstern evaluering. Her fortel studentrepresentant Silje Rødeseike korleis masterprogrammet blir oppfatta av studentane.

Silje Rødeseike
Foto/ill.:
Emil Weatherhead Breistein

Les den fem sider lange eksterne evalueringsrapporten her.

Vi begynner med konklusjonen i evalueringa: «The department is to be congratulated for offering a first-rate Master’s level education in comparative politics of a very high international quality.» Kva tenkjer du om denne vurderinga?

Først og fremst  er det gledeleg å lese det Feldman skriv i rapporten. Det er veldig oppmuntrande å få bekrefta at utdanninga vår held så høgt nivå, særleg med tanke på at Feldman viser til erfaringar frå andre land og andre utdanningsinstitusjonar. Når ein sit midt i noko kan ein alltid finne noko å vere misnøgd med og då er det forfriskande å få eit slikt innblikk frå ein utanforståande.  Man får auga opp for kor høg kvalitet dette masterprogrammet i sin heilskap faktisk har når ein får heva blikket litt.

Feldman trekk mellom anna fram at det er eit sterkt metode- og forskingsfokus gjennom gode kurs som SAMPOL305, SAMPOL306 og SAMPOL307. Mange føler at dei må til utlandet for å komme inn på dei verkeleg gode masterprogramma. Denne rapporten viser at vi har eit verkeleg godt program her – særleg når det gjeld metodeundervisinga.

«The emphasis on core methods courses demonstrates the research focus of the programme – this is a key difference compared to many programmes elsewhere. […This] may enhance the employability of the graduates of the programme, as [these skills] are highly regarded in many professions and carreers»

SAMPOL306, «Masterseminar i samanliknande politikk», minner meir om eit PhD-kurs i Storbritannia og Europa enn eit masterkurs, i følgje rapporten. Er nivået for høgt?

SAMPOL306 er eitt av dei to første kursa ein møter i studieløpet, og ja, det er omfattande. Det er mykje litteratur, men det er god litteratur. Her blir dei store linjene og hovudtrekka i komparativ politikk trekte og ein opparbeider seg breiddekjennskap til faget. Kurset er også nyttig då ein tidleg kan finne ut kva ein spesielt interesserer seg for og kva ein eventuelt kunne tenke seg å skrive master om. Det er også ein heilt ny undervisingsmetode enn ein er vant med, sidan all undervisinga går i seminar.

Som ny student kan ein bli litt overvelda av pensummengda, men i dette kurset lærer ein også å bearbeide store mengder stoff, så ein kjem seg gjennom og klarar seg bra fordi studentane jamt over er dyktige og undervisingsopplegget er godt. Desse seminara blir fort noko ein ser fram til, gjerne kombinert med ein god kopp kaffi!

«Students taking this course will get a very solid foundation in comparative politics that will serve them well in their own research, not least since they will be in a position to situate their own projects in relation to foundational debates in the discipline as a whole. In that sense this core course is another feature of the programme which ensures that it is at the cutting edge of comparative politics programmes worldwide.»

Rapporten trekk fram masteroppgåva som «one of the most distinctive features of the Comparative Politics programme». Kva tenkjer du om det?

Masteroppgåva her gjev 60 studiepoeng. Mange andre stader er masteroppgåva berre på 30-45 studiepoeng. Det kan ofte vere ein fordel å snevre det litt inn når ein er på masternivå. At du fokuserer på eit tema som du verkeleg har sett deg inn i og kan gå i djupna på, enten metode eller tematikk, kan vere eit trumf-kort og ei styrke når du kjem ut i arbeidslivet.

Samtidig kan det vere tungt å sitje i si eiga boble i eit heilt år, men du sit ikkje åleine på masterlesesalen heile tida: Det er godt samhald blant studentane på lesesalen, du får regelmessige samtalar med rettleiar, og instituttet oppmodar studentane til å møte regelmessig i forskargrupper. Der kan du høyre på presentasjonar, ta del i diskusjonar og presentere ditt eige arbeid og få tilbakemeldingar på det. Då får du også nye impulsar og gjerne nye og nyttige kontaktar. Ein føler i større grad at ein er del av instituttet gjennom gruppene også.

«[…The] qualtiy of the students’ thesis research is impressive and high by international standards […] The high calibre of the students and the relatively smalll size of the programme may facilitate such a strong research focus, which may be hard to maintain in very large programmes, as those common in many other countries».

Rapporten trekk fram at dei valfrie kursa i masterprogrammet endrar seg frå år til år. Kva tenkjer du om valemna i masterprogrammet?

Vi ville sjølvsagt gjerne hatt akkurat dei same spennande valemna som andre studentar som gjekk før oss har hatt. Samtidig har vi fått ta valemne som dei før oss ikkje har hatt mulegheit til å ta. Eg tok mellom anna eit valemne om nye styringsformer i nordområda og urfolkspolitikk (SAMPOL323), som førte til at eg no skriv masteroppgåva mi om nordområda og akkurat den tematikken. Eg har inntrykk av at dette nettopp er litt av hensikta med desse valemna, at dei kan vere med på å trigge interesser knytt til aktuelle tema som folk jobbar med på instituttet akkurat no.

«[…The] emphasis on research-led teaching is constant over the years. This ensures that the options remain up to date and also that they are connected to the three key research groups in the department […]. This is helpful for integrating students into the research community of the department.»

Feldman trekk også fram at kvaliteten på masteroppgåvene som blir leverte ved instituttet er «impressive and high by international standards».

Mitt inntrykk er at studentane her tek studiane seriøst, er dyktige og i tillegg blir møtte av eit godt opplegg frå instituttet. Det gjer dei rusta til å skrive gode oppgåver.

«It is obvious that the teaching offered at the Department of Comparative Politics at the University of Bergen is excellent both in terms of its quality and range. The department is to be congratulated for offering a first-rate Master’s level education in comparative politics of a very high international quality.»