Hjem
Senter for kvinne- og kjønnsforskning
Kjønnsstudium ved uib

Få ei breiare forståing av samtida

Problemstillingar knytt til kjønn og seksualitet er ein nøkkel til å forstå menneske, samfunn og kultur.

Studer kjønnsstudium

Kva er kjønn? Korleis opererer kjønn i samfunnet og i kulturen?
Produsent:
SKOK

Hovedinnhold

Det blir òg stadig viktigare med kunnskap om mangfald og ulikheit i vår globaliserte samtid.

Kjønnsstudium passar for deg som er interessert i samspelet mellom kjønn og maktstrukturar i samfunnet. Dette kan vere knytt til seksualitet, men òg rasialiseringsprosessar, klasseulikheit og etniske relasjonar.

Kjønnsstudium undersøker idear om kjønn og seksualitet frå ulike teoretiske perspektiv, slik som feministisk teori, skeiv teori, kritisk raseteori, psykoanalyse, feministisk vitskapsfilosofi, globalisering og likestilling. Studiet er ei unik sjanse til å studere tema som er dagsaktuelle politisk og nasjonalt, som abortsaka, kjønnsidentitet og det tredje kjønn.

Kjønnsstudium ved Universitetet i Bergen

Er du ny student kan du søke opptak til eit årsstudium eller ein bachelorgrad hos oss innan 15. april gjennom Samordna opptak. Er du student ved UiB kan du melde deg på alle våre emne.

Enkeltemne om kjønn

Enkeltemne med kjønnstematikk kan inngå i graden din som valemne og gjere den både breiare og djupare. Du finn ei oversikt over emne med fokus på kjønn, både ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking, og elles ved UiB.

Årsstudium: Kjønn, seksualitet og mangfald

I dag kjem stadig meir varierte uttrykk for kjønn og seksualitet til syne i offentlegheita. Tar du årsstudium i kjønn, seksualitet og mangfald vil du lære meir om korleis desse uttrykka endrar seg, kva tyding dei har for organiseringa av samfunnet, korleis dei heng saman med maktstrukturar og korleis dei vert problematiserte i vitskap, kunst og kultur. Studiet er først og fremst retta mot deg med litt studieerfaring frå tidlegare.

Bachelorgrad i kjønnsstudium

Ein bachelorgrad er treårig og hos oss er dei tre første semestra fokusert rundt kjønnsemne. Kjønnsstudiet undersøker ei rekke historiske og samtidige tydingar av kjønn i ein global samanheng. Nokre sentrale spørsmål ein stiller, er korleis kjønn blir forstått i ulike kulturelle kontekstar, og korleis dominerande forståingar av kjønn endrast over tid. Dei tre siste semestra veljer du fordypning i eit anna fagområde, til dømes sosialantropologi, litteraturvitskap, historie, sosiologi eller engelsk.

Fagutvalet for kjønnsstudium ved UiB

Fagutvalet for kjønnsstudium er eit studentorgan som representerer studentar ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking sitt bachelorprogram, årsstudium og enkeltemne.

Har du innspel til korleis undervisninga kan bli betre? Vil du vite meir om kva som ligg i å vere medlem i fagutvalet eller delta på møter? Ønskjer du å ta opp saker relevante for fagutvalet eller føreslå idear til faglege eller sosialt orienterte arrangement?

Ta gjerne kontakt over e-post: fagutvalg.skok@uib.no eller post@skok.uib.no, og bli med i Facebook-gruppa SKOK-fagutvalg for å kunne følgje med på aktivitetar og arrangement organisert eller anbefalt av fagutvalet.