Filosofiske spørsmål i kjernen av feministisk teori
I eit nyleg blogginnlegg samanfattar Claus Halberg utgangspunktet for prosjektet sitt i feministisk teori og hevdar at filosofiske spørsmål ligg i kjernen av denne teorien.
Hovedinnhold
Claus Halberg, postdoktor ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SKOK), er prosjektleiar for det EU-finansierte prosjektet Feminist Theory After Sex and Gender. FEMSAG tek sikte på å utvikle omgrepsmessige verktøy for å klårgjere spørsmål knytt til arv- og miljøproblematikken; ein problematikk som ligg i kjernen av samtidige debattar om kjønn innan vitskap, filosofi og politikk.
Første runde: Feministisk teori
I blogginnlegget, FEMSAG conceptual primers, 1st round: “Feminist Theory,” set Halberg føre seg å reflektere rundt meininga av det første omgrepet som utgjer prosjekttittelen, “feministisk teori.” Innlegget er, som tittelen tyder på, det første i ein planlagt serie av blogginnlegg der Halberg tenker å utforske omgrep inkludert i og tilknytt tittelen på prosjektet sitt.
– Teksten er skrive i eit forsøk på å "sette opp" lesarane med ei spesifikk forståing av grunnleggande omgrep som eg kjem til å bruke i det vidare arbeidet med prosjektet mitt, seier Halberg. – Desse kjem eg til å nytte i både akademiske og meir tilgjengelege tekstar, men sidan innhaldet i desse omgrepa er gjenstand for pågåande debatt ønskjer eg også å gi ei grunngjeving for måten eg brukar dei på.
Den "materielle vendinga" i feministisk teori
Halberg samanfattar prosjektet sitt utgangspunkt i feministisk teori i fire punkt (sjå faktaboks), og stiller nokre filosofiske spørsmål om arv og miljø som han ser på som grunnleggande for teorien. Her trekk han vekslar på arbeidet til tenkarar forbunde med den såkalla «materielle vendinga» i feministisk teori.
– Slik eg forstår det har den «materielle vendinga” i feministisk teori blitt termen ein brukar for å vise at ein har bevegd seg vekk frå det sterke fokuset på kultur og sosial konstruksjon av både «sex» og «gender» som dominerte feministisk teori, spesielt på nittitalet, seier Halberg. – Teoretikarane eg nemner, som Elizabeth Grosz, Karen Barad og Vicky Kirby, har til felles ein større entusiasme for naturvitskaplege forståingar av den materielle kroppen og verdien eller relevansen av slike skildringar for feministisk-teoretiske prosjekt.
FEMSAG og debatten om arv og miljø i Noreg
Halberg nemnde i eit tidlegare intervju om prosjektet sitt at debatten som følgde den norske programserien Hjernevask i 2010 og utover, styrka interessa hans for tematikken han utforskar i FEMSAG. Ti år etter at serien gjekk av lufta meiner Halberg at dei harde frontane som dominerte debattklimaet på den tida ikkje lenger er så steile, men at denne debatten har ein tendens til å blusse opp att kvar gong ein internasjonal intellektuell med sterk offentleg profil, som Steve Pinker og Jordan Petersen, besøker Noreg og nyttar høvet til å seie noko provoserande om kjønn og likestilling.
– Inntrykket mitt er likevel at posisjonane ikkje har endra seg noko særleg i dette ordskiftet, meiner Halberg. – Når det gjeld FEMSAG si moglege påverknad på denne debatten, så håpar eg at prosjektet kan skape interesse blant alminnelege lesarar for den filosofiske bakgrunnen for dei diskusjonane som blir ført om årsakene til forskjellar mellom menneske – kjønnsrelaterte eller andre.
Halberg håpar at arbeidet hans i alle fall kan bidra til større medvit rundt det faktumet at ein ikkje kan undersøke slike tilsynelatande enkle, empiriske spørsmål utan å ta utgangspunkt i omgrepsmessige og teoretiske føresetnader som det alltid kan stillast spørsmål ved.
Neste runde av FEMSAG-innlegg
Kva kan vi forvente av Halberg sine framtidige blogginnlegg om FEMSAG? Ein andre runde med «conceptual primer» er planlagt, og denne kjem til å fokusere på omgrepsparet «sex» og «gender» og også inkludere nokre refleksjonar rundt preposisjonen «after» som knyt saman alle desse omgrepa i prosjekttittelen. Vidare håpar han å skrive noko om det han kallar det teoretiske landskapet der «sex» og «gender» - gitt ei viss omgrepsmessig oppklaring – har blitt diskutert på ulikt vis i vitskapleg litteratur i forskjellige intellektuelle tradisjonar.
– Hald også etterkvart utkikk etter analyser av nøkkelomgrep som «nevrosexisme» og «naturalisme,» avsluttar Halberg.