Hjem

Geografi, årsstudium

Geografi er studiet av samfunn, menneske, natur og miljø, og samspelet mellom desse. Vi ser på samfunnsutfordringar både frå samfunns- og naturperspektiv, frå lokal til global skala.
  • Lengde1 år
  • Ordinær47,7
  • Primær25,8
  • Plassar19
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng60
  • StartHaust

Hovedinnhold

Velkommen til studiestart på årsstudiet i geografi, eit studium ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. 

Frammøte: Studiestart er måndag 14. august.

Program: Her finn du program for studiestarten

Bli klar som student: Alt du treng å vite til studiestart og program for studiestartveka finn du på «UiBtreet». I slutten av juli får du ein e-post med lenke og informasjon om korleis du får tilgang.

Har du spørsmål? Ta kontakt med Informasjonssenteret på 55 58 98 50 eller studierettleiar.svfa@uib.no.  

Du får studere samfunnsutviklinga på konkrete stadar, frå lokalsamfunn til storbyar, med tema som næringsutvikling og grøn omstilling.  Du får kunnskap om klima, naturfarar og prosessar som har forma natur- og kulturlandskapet.

Vi tar opp globale utfordringar knytt til befolkningsvekst og -nedgang, migrasjon og mobilitet, ulikskap og urbanisering. Du får studere miljø- og landskapsendring, og korleis uttak og forbruk av naturressursar påverkar miljøet. Du får også studere korleis planlegging, politikk og forvalting kan møte utfordringane dagens samfunn er stilt overfor.

Vi drøftar problemstillingar som:

  • Korleis kan vi takle vår tids store utfordringar som klimaendringar, energiomstilling og matproduksjon på lokalt plan?
  • Kva effekt har menneskelege handlingar på natur og produksjonssystem, og kva er årsakene til dei endringane som skjer?
  • Korleis har klima og miljø endra seg i fortida, og korleis kan denne kunnskapen brukast til å forstå dei endringane som skjer i dag, og kva vi kan forvente i framtida?
  • Korleis kan vi bidra til kunnskapsutvikling som fremmer berekraft, sosial rettferd og velferd i framtida?

Geografar har kompetanse som gjer dei attraktive i arbeidslivet: Dei er prosjektorienterte og har ein tverrfagleg bakgrunn, som gir ein vid arbeidsmarknad i offentleg forvalting og næringsliv. Gjennom feltkursa er geografistudentane vane med å jobbe i grupper og presentere resultata munnleg og skriftleg.

Meir informasjon under

illustrasjonsbilde
Photo:
Grethe Meling, UiB

Kvifor velje årsstudium?

Årsstudiet lar deg studere eit fagfelt i eitt år (60 studiepoeng). Det passer om du berre vil studere i eit år, vil teste ut om geografistudiet er noko for deg eller om du vil byggja på tidlegare utdanning. Årsstudiet med spesialiseringsemne i geografi gir undervisningskompetanse i ungdomskulen og vidaregåande skule i geografi.

Eit årsstudium er ikkje eit grads- eller vitnemålsgivande studium, men du kan bruke det som del av ein bachelor i geografi. Du kan søke om intern overgang dersom du vil studere meir. Etter du har fullført bachelorgraden, kan du bygge på med ein master i geografi.

Ein grad i geografi gjer deg betre kvalifisert for jobbar innan planlegging, regional utvikling og miljøforvaltning, i både offentleg og privat sektor.

Les meir om karrieremoglegheiter med ein mastergrad i geografi

Meir informasjon under

Geografiutdanninga er veldig relevant for det eg gjer til dagleg
Marit Selberg Sigurdson
Samfunnsplanleggar

Oppbygging

Årsstudium i geografi går over to semester og startar i august.

Du vel årsstudium med innføringsemne eller spesialiseringsemne ut frå kva for bakgrunn du har.

Årsstudium med spesialiseringsemne

Passer for deg som har studert før, og vil komplettere tidlegare utdanning eller skaffe deg undervisningskompetanse.

1. semester

  • GEO113 Klima, oseanografi og biogeografi (10 studiepoeng)
  • GEO125 Økonomisk globalisering, produksjonssystem og miljø (10 studiepoeng)
  • GEO131 Mat, miljø og berekraftig utvikling (10 studiepoeng)

2. semester

  • GEO111 Landformdannande prosessar (15 studiepoeng)
  • GEO124 Regional utvikling (15 studiepoeng)

Årsstudium med innføringsemne

Passer for deg som ikkje har studert før. Er det same som første året i bachelorstudiet i geografi.

1. semester

  • GEO100 Introduksjon til geografi: Globale utfordringer og lokale svar (10 studiepoeng)
  • GEO110 Kartografi og tematiske kart (10 studiepoeng)
  • EXPHIL-SVEKS / EXPHIL-SVSEM Examen philosophicum – skuleeksamen eller seminarmodell (10 studiepoeng)

2. semester

  • GEO111 Landformdannande prosessar (15 studiepoeng)
  • GEO124 Regional utvikling (15 studiepoeng)

Sjå oversikt over alle emne

Studiekvardag

Årsstudiet i geografi er eit studium på fulltid, det vil seie at du bruker om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester.

Som geografi-student vil du høyre til på Det samfunnsvitskaplege fakultet (SV-fakultetet). Undervisninga skjer i ulike rom på campus og føregår på norsk. Litteraturen er på norsk og engelsk. Du finn timeplan og litteraturliste på emnesidene. Du kan lese fleire stader på UiB, til dømes lesesalane på Ulrike Phils hus og biblioteket ved SV-fakultetet.

Ei normal studieveke vil i utgangspunktet ha om lag åtte til ti timar undervisning i veka. Når det ikkje er undervisning er det sjølvstudium som gjeld.

I andre semester er det to feltkurs som går over tre-fem dagar. På feltkurs får du erfaring med gruppearbeid og å samle inn eigne data for å kunne svare på ei aktuell fagleg problemstilling. Feltkursa går føre seg utanfor campus, feltkurset i naturgeografi (GEO111) går til Eidfjord i Hardanger, mens Samfunnsgeografisk feltkurs (GEO124) går til ulike stader i regionen rundt Bergen. Utgifter til transport og overnatting blir dekka av instituttet, men du betaler eigenandel for mat.

Les meir om studiekvardagen som student ved Det samfunnsvitskaplege fakultet

Kva lærer du

På årsstudium i geografi lærer du det grunnleggande i geografifaget, både i samfunn- og naturgeografi. Du får kunnskap i tema som landformdannande prosessar, regional utvikling, klima, biogeografi, økonomisk globalisering, ressursforvaltning og global utvikling.

Du får kunnskap om:

  • samfunnsgeografi knytt til næringsliv, lokalisering av arbeidsplassar og miljøeffektar i Noreg og internasjonalt.
  • det naturlege samspelet mellom hav, atmosfære og biosfære
  • klassiske og nyare teoriar om tilhøvet mellom landbruk, skogbruk, befolkningsutvikling og miljø

Utveksling

Det er ikkje mogleg å reise på utveksling på årsstudium.

Korleis søke

For å søke opptak på dette studiet må du ha generell studiekompetanse.

Søk her