Hjem

Geografi, bachelor, 3 år

Å studere geografi er å utforske samanhengen mellom samfunn, natur og miljø, og korleis desse utviklar seg i eit samspel. Utdanninga er tverrfagleg. Vi ser på samfunnsutfordringar både frå samfunns- og naturperspektiv, frå lokal til global skala.
  • Lengde3 År
  • Ordinær39,2
  • Primær37,3
  • Plassar40
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

På bachelorstudiet lærer du korleis prosessar formar naturlandskapet og har innverknad på folk og samfunn, og korleis areal- og ressursbruken har innverknad på natur, miljø og klima. Studiet passar deg som er naturinteressert og samfunnsengasjert, som ønsker å forstå prosessar i naturen og samfunnet.

På geografiutdanninga tar vi opp mange dagsaktuelle tema:

  • Korleis kan klimaendringar, energiomstilling og matproduksjon taklast på lokalt plan?
  • Korleis kan planlegging og politikk møte utfordringar knytt til befolkningsvekst og -nedgang, migrasjon og mobilitet, ulikskap og urbanisering?
  • Korleis kan vi bidra til kunnskapsutvikling som fremmer berekraft, sosial rettferd og velferd i framtida?

Mange samfunnsutfordringar treng ei tverrfagleg tilnærming og som geograf ser du på desse både med samfunns- og naturperspektiv. Denne kompetansen er grunnleggande for å kunne finne gode løysingar og førebyggande tiltak fram mot ei berekraftig utvikling.

10 gode grunnar til å studere geografi

Meir informasjon under

Bachelorprogram i geografi

Jobb

Mange geografar jobbar innan planlegging, regional utvikling og miljøforvalting innan offentleg og privat sektor. Mange jobbar også i utdanning og forsking, organisasjonar eller NGOs, i inn- og utland.

Typiske yrke for dei med geografiutdanning er:

  • GIS-rådgjevar
  • Planleggar
  • Lærar/Lektor
  • Miljøkonsulent
  • Forskar

Geografar har kompetanse som gjer dei attraktive i arbeidslivet: Dei er prosjektorienterte og har ein tverrfagleg bakgrunn, som gir ein vid arbeidsmarknad i offentleg forvaltning og næringsliv. Gjennom feltkursa er geografistudentane vane med å jobbe i grupper og presentere resultata munnleg og skriftleg.

Etter du har fullført bachelorgraden, kan du bygge på med ein to-åring mastergrad i geografi.

Les meir om karrieremoglegheiter med ein mastergrad i geografi

Meir informasjon under

Oppbygging

Bachelorgraden i geografi har 180 studiepoeng fordelt på tre år, og startar i august.

Du tar 20 studiepoeng innføringsemne (ex.phil. og ex.fac.), 100 studiepoeng med spesialisering i geografi og 60 frie studiepoeng.

Slik er studiet bygd opp:

1. semester

Felles innføring:

  • EXPHIL-SVSEM Examen philosophicum - seminarmodell eller EXPHIL-SVEKS Examen philosophicum - skuleeksamen (10 studiepoeng)
  • GEO100 Introduksjon til geografi: Globale utfordringar og lokale svar (10 studiepoeng)
  • GEO110 Kartografi og tematiske kart (10 studiepoeng)

2. semester

Spesialisering i geografi, felles innføring:

  • GEO111 Landformdannande prosessar (15 studiepoeng)
  • GEO124 Regional utvikling (15 studiepoeng)

3. semester

Spesialisering i geografi, felles innføring:

  • GEO113 Klima, oseanografi og biogeografi (10 studiepoeng)
  • GEO125 Økonomisk globalisering, produksjonssystem og miljø (10 studiepoeng)
  • GEO131 Mat, miljø og berekraftig utvikling (10 studiepoeng)

4. semester

  • Frie studiepoeng / utveksling (30 studiepoeng)

5. semester

  • Frie studiepoeng / utveksling (30 studiepoeng)

Anbefalte frie studiepoeng:

  • GEO215 Geografiske informasjonssystem: Teori og praksis (10 studiepoeng)
  • GEO217 Hydrologi, grunnvatn og geofarar (10 studiepoeng)
  • GEO260 Praksisemne i geografi (10 studiepoeng)
  • GEO281 Miljøforvaltning og planlegging (10 studiepoeng)

6. semester

Spesialisering i geografi, vel ei studieretning:

Naturgeografi:

  • GEO204 Kvantitativ metode (5 studiepoeng)
  • GEO212 Terrestriske klima- og miljøendringar (15 studiepoeng)
  • GEO291 Naturgeografisk feltkurs (10 studiepoeng)

Miljø- og landskapsgeografi:

  • GEO204 Kvantitativ metode (5 studiepoeng)
  • GEO206 Kvalitativ metode (5 studiepoeng)
  • GEO283 Geografiske tilnærmingar til klimatilpassing og -forebygging (10 studiepoeng)
  • GEO293 Miljøgeografisk feltkurs (10 studiepoeng)

Samfunnsgeografi:

  • GEO204 Kvantitativ metode (5 studiepoeng)
  • GEO206 Kvalitativ metode (5 studiepoeng)
  • GEO222 Sustainability in an Urbanising World (10 studiepoeng)
  • GEO292 Regionalgeografisk feltkurs (10 studiepoeng)

Sjå oversikt over alle emne

Studiekvardag

Som bachelorstudent får du fordjupe deg i samfunnsaktuelle tema i undervisninga. Du blir del av eit godt studentmiljø, og får reise på fleire spennande feltkurs og ekskursjonar med medstudentane dine. Som geografistudent vil du ha undervisning i ulike rom på campus på Nygårdshøyden i Bergen sentrum. Feltkursa skjer utanfor campus. Du kan lese fleire stader på UiB, til dømes lesesalane på Ulrike Phils hus og biblioteket ved SV-fakultetet.

Undervisning

Bachelorprogrammet i geografi er eit studium på fulltid, det vil seie at du brukar om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester.

Ei vanleg veke på universitetet har du to timar undervisning om dagen, som forelesing, seminar eller datalab. Mykje av studiekvardagen er difor sjølvstudium og arbeid med innleveringar. I perioden før og etter feltkurs er det mykje gruppearbeid.

Undervisninga  og litteraturen er på norsk og engelsk. Du finn timeplan og litteraturliste på emnesidene.

Feltkurs og ekskursjonar

Feltkursa er høgdepunkt for geografistudentane. På feltkurs vil du arbeide i grupper. Du gjer intervju og samlar inn data for å forstå samfunnet eller landskapet på staden. Du får ei god og heilskapleg forståing av faget når du får studere verkelege stader og prøve ut teoriar som du har lært i undervisninga.

I andre semester er det to feltkurs som går over 3-5 dagar. Feltkurset i naturgeografi går til Eidfjord i Hardanger. Samfunnsgeografisk feltkurs går til ulike stader i regionen rundt Bergen. I fleire emne er det kortare feltkurs og dagsekskursjonar. Feltkursa i slutten av studiet går til ulike stader i inn- og utland over fem-seks dagar.

Utgifter til transport og overnatting blir dekka av Institutt for geografi. Du betaler eigenandel for mat.

Obligatorisk og valfritt i studiet

Dei tre første semestera tek du innføringsemne og felles spesialiseringsemne i geografi. Frå det fjerde semesteret kan du bygge graden din etter dine interesser og framtidsplanar. I det sjette semesteret fordjupar du deg i den studieretninga som interesserer deg mest; naturgeografi, miljø- og landskapsgeografi eller samfunnsgeografi.

Heile bachelorgraden er på til saman 180 studiepoeng (tre års fulltidsstudium):

  • Innføringsemna ex.phil. og ex.fac. (20 studiepoeng)
  • Spesialisering i geografi (70 studiepoeng)
  • Spesialisering i studieretning (30 studiepoeng)
  • Frie studiepoeng (60 studiepoeng)

I året med frie studiepoeng kan du studere det du meiner er den beste kombinasjonen for din grad. Du kan ta opne UiB-emne frå andre fagfelt eller studere meir geografi. Dersom du vil bli lærar, kan du bruke dei frie studiepoenga til å ta eit anna fag du kan undervise i. Du kan òg studere frie studiepoeng på utveksling til utlandet og få internasjonal kompetanse.

Les meir om studiekvardagen som student ved Det samfunnsvitskaplege fakultet 

Kva lærer du

Ein ferdig utdanna bachelorstudent i geografi:

  • har brei kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar og prosessar knytt til struktur og utvikling i tid og rom relatert til natur-, miljø- og samfunnsspørsmål
  • kan gjere greie for og bruke geografisk kunnskap om mangfald, variasjon og samspel i naturgitte og menneskeskapte lokale, regionale og globale prosessar på jordoverflata
  • beherskar grunnleggande geografiske feltmetodar, lagar og bruker kart og andre visuelle framstillingar og kan gjere seg nytte av eigne observasjonar i individuelle og gruppevise presentasjonar

Full liste med læringsutbyte 

Utveksling

Du kan reise på utveksling i eitt eller to semester, dei fleste reiser i fjerde eller femte semester.

Dei siste åra har geografistudentane reist på utveksling til Island, Storbritannia, Frankrike, Nederland, Tyskland, Spania, Australia, Sør-Afrika, Ghana, Colombia, Hawaii og Canada.

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Korleis søke

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.

Søk her