Hjem
Institutt for geografi
Utdanning

Studerer geografi for framtida

Ylva Rohde er samfunnsengasjert og opptatt av miljø og utvikling. Ho søkte geografistudiet for å vere med på ei endring. Ho vil vere med på det grøne skiftet.

Ylva Rohde
Ylva Rohde studerer geografi ved Universitetet i Bergen.
Foto/ill.:
Grethe Meling

Hovedinnhold

Ho har alltid vore samfunnsengasjert, og tenkte tidleg at ho ville studere eit samfunnsfag. På folkehøgskulen var det mykje fokus på solidaritet og miljø, og på ei reise til Amazonas fekk ho sjå korleis oljeindustrien påverkar skogen og folka som bur der.

- Det var noko som vekte miljøengasjementet mitt og eg søkte etter studium med miljøfokus. Eg ville lære meir og vere med på det grøne skiftet. Mange fag kravde realfagskompetanse, men så fann eg geografi og det passa for meg! Eg er fornøgd med valet.

Geografi er nyttig, spennande og framtidsretta

Ylva går no andre året på bachelorprogrammet i geografi og har valt å spesialisere seg i samfunnsgeografi.

- Eg er spesielt interessert i byplanlegging, stadsutvikling og arealplanlegging. Eg vil vere med på å utvikle stader. Det er spennande fordi det har så mykje med menneskeleg identitet og trivsel å gjere. Det betyr mykje,både for menneska og miljøet.

Kunnskap frå naturgeografi er nyttig for å forstå korleis utbygging kan skje i samsvar med naturen rundt, at naturen faktisk legg nokre premissar for kvar det er mogleg og lurt å bygge. Matsikkerheit og økonomisk utvkling er andre tema ho likte i geografistudiet og ho meiner geografistudentane lærer om ting som er nyttige for framtida, noko som faktisk kan brukast i ny utvikling.

- For meg handlar geografi om korleis menneska påverkar jorda og korleis jorda påverkar menneska. Det at vi ser den koplinga. Geografi er eit fag som er nyttig for oss som vil delta i ei samfunnsendring.

Det globale og det lokale

Ylva kjem frå ein mindre stad, og trudde det urbane fokuset og byplanlegging skulle bli mest interessant. Gjennom studiet er ho også blitt meir oppteken av lokal utvikling i rurale område og kva globale problemstillingar betyr for eit lokalsamfunn.

- Eg har tenk mykje på dette. Ta heimstaden min, Kirkenes, som utgangspunkt. Det er mykje spennande som skjer på globalt nivå som kunne betydd mykje for ein plass som Kirkenes. Når isen smeltar i Arktis opnar det for ny handelsveg frå Kina til Europa gjennom Nordaustpassasejen, med Kirknes som isfri hamn. Finland er ivrige på jernbane mellom Kirkenes og Rovaniemi der det er eit godt jernbanenettverk vidare til Europa. Dette er spennande. Her er storpolitiske konfliktar og lokale, kulturelle konfliktar om samiske område. Samtidig kunne det opna opp mange moglegheiter i nord. Kirkenes kunne blitt ein stor by, som igjen kunne gjort det meir attraktivt å bu i Nord-Norge, både i byen og i meir rurale område rundt.

Slik viser ho med ei tankerekke frå Kirkenes kva geografi kan handle om.

Studentlivet

Overgangen til studentlivet er vanskeleg for mange. Det kan ta tid før ein kjem på plass som student og i ein ny by. Slik var det også for Ylva.

- Det første semesteret var litt einsamt. Kontrasten til det sosiale livet på folkehøgskulen var stor. Eg var ikkje vane med å vere åleine. Samtidig måtte eg lære meg å bli student. Det er vanskeleg å sette seg inn i det og lese til eksamen og få ein god studieteknikk.

Ho har alltid vore ein sosial person og var med på det som skjedde av sosiale ting i semesterstart og gjennom semesteret. Men i jula bestemte ho seg for å utvide horisonten.

- Eg likar å vere med forskjellige typar menneske og fekk fleire å spele på. På studiet vart eg kjent med nye folk som var opptekne av miljø og utvikling. Så vart eg med i Studentradioen og meldte meg som plakatopphengar for ASF (Aktive Studenters Forening).

Samtidig falt også studievanane på plass. På universitetet er det mykje sjølvstudium i tillegg til forelesingar og seminar, så det er viktig å lage seg gode rutinar.

- Ein vanleg dag for meg er at eg er på universitetet kvar dag mellom 10 og 16. Sjølvstudium skjer på geografistudentane sin eigen lesesal, kalla geoloftet, på Ulrikke Pihls hus. Så er det som regel ein forelesing eller eit seminar om dagen. Sosialt samvær i kantina er også ein viktig del av studiekvardagen.

Engasjer deg!

Det er Ylva sitt klare råd til nye studentar. Ho anbefaler alle å bli med i ein studentorganisasjon så raskt som mogleg. Det kan absolutt førebygge einsemd og gi mykje god erfaring.

- Bli med i ein studentorganisasjon og engasjer deg på studiet ditt. Du blir kjent med nye folk og veks på det. Hugs at du får mykje ut av å gi litt av deg sjølv!

Bergen er ein fin og trygg studentby

Det var også ein fritidsaktivitet som førte Ylva til Bergen. I ungdomstida i Kirkenes spelte ho badminton og dei deltok ein gong på eit ungdomsmeisterskap i Bergen.

- Det var mitt første møte med Bergen og eg vart forelska i byen med ein gong. Den var så fin! Eg bestemte meg då for at her ville eg studere.

Det at det er så fint her, er med på å gjere Bergen til ein god studentby, meiner ho.

- Det er lett å trivast i ein fin by. Det estetiske har meir å seie enn vi ofte trur. Her er det er fint, trygt og tett, alt er nærme. Eg trur også at stereotypien av bergensaren er medverkande til at ein så stor by blir liten og trygg. Bergensarane er opne folk. Og det at det regnar så mykje er jo kjempebra! For når det er sol er alle ute og er glade og skaper god stemning.

Planar for resten av studietida

I det siste året på bachelorprogrammet skal ho ta frie studiepoeng, altså heilt valfrie fag frå UiB eller andre utdanningsinstitusjonar i inn- og utland. Ho har planen klar:

- Neste semester vil eg ta fleire geografifag som er nyttige å ha med i graden: GIS, miljøforvaltning og planlegging og hydrologi og geofare. I det siste semesteret vil eg ta gründerskolen på NHH som har  fokus på innovasjon og entreprenørskap og har også eit internship i USA eller Asia. Det verkar spennande og passar fint i kombinasjon med geografi.

Seinare er planen å ta ein mastergrad i geografi, enten i Bergen eller i Trondheim.

- Sjølv om eg trivs veldig godt i Bergen, har lyst til å prøve ut Trondheim også. Eg lir nemleg av FOMO– syndromet (fear of missing out) og det kan vere fint å få med seg ein studentby til!

Nye perspektiv for framtida

Ylva trur ikkje at studietida har endra ho som person, men at ho har blitt meir reflektert, meir kunnskapsrik og meir sosial smart.

- Eg har fått nye perspektiv på ting, er blitt meir sikker på meg sjølv og tør meir. Eg trur det er eigenskapar som kan bli nyttige i ein framtidig jobb. Eg vil tru at arbeidsgjevarar set pris på folk som kan tenke utanfor boksen, som kan samarbeide og tør å stå for det dei seier.

Ho har også tenkt på arbeidslivet og dette med å få ein stor draumejobb. Ho er glad i å få resultat og det å nå eit stort mål er bra. Samtidig er ho oppteken av at jobben ikkje skal vere heile livet, så kanskje ein god A4-jobb er det beste.

- Kanskje jobben som prosjektleiar i det jernbaneprosjektet mellom Kirkenes og Rovaniemi ville ta for mykje av tida mi og at eg heller vil ha ein meir vanleg jobb som arealplanleggar i ein mindre kommune?

Uansett vil ho jobbe med å utvikle stader, å få til ei endring.