Hjem

Medier og kommunikasjon, årsstudium

Årsstudiet i medier og kommunikasjon gir deg ei innføring i korleis mediebransjen fungerer.
  • Lengde1 år
  • Ordinær49.2
  • Primær35.5
  • Plassar20
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng60
  • StartHaust

Her vil du mellom anna lære om mediepolitikk, medieøkonomi, strategisk kommunikasjon og korleis lage medieundersøkingar. Du vil få innblikk i korleis media brukar bilete, videoar og tekst for å formidle bodskap og historier, og korleis organisasjonar, interessegrupper og politiske parti brukar retoriske strategiar til å overtyde, informere og endre vår åtferd. 

Alle samfunnsfelt - enten det er politikk, vitskap, kunst og kulturliv, økonomi eller anna - er i stadig større grad samankopla med mediefeltet.   

  • Kva betyr sosiale medium i samfunnet? 
  • Korleis fungerer politisk og strategisk kommunikasjon? 
  • Korleis kan vi forstå film, tv og dataspel som kulturformer? 
  • Kva betyr mediebruk i folk sine liv? Korleis blir vi påverka av media?

Mange enkeltpersonar og bedrifter i både privat og offentleg sektor er i stadig større grad avhengige av å bruke sosiale medium og digitale plattformar i det daglege. Derfor er det eit aukande behov for folk med kompetanse på dette fagfeltet. 

Kvifor velje årsstudium?

Årsstudiet i medier og kommunikasjon gir deg grunnleggande kunnskapar som du kan bruke i mellom anna medie- og kommunikasjonsfaglege yrke, i mediebedrifter og kultur- og utdanningsinstitusjonar.

Våre tidlegare studentar arbeider for eksempel innanfor skoleverket, journalistikk, medieproduksjon, administrasjon, utgreiing og rådgiving.  

Årsstudiet lar deg studere eit fagfelt i eitt år, for eksempel for å komplettere tidlegare utdanning.

Årsstudiet er ikkje eit grads- eller vitnemålsgivande studium, men du kan søke om intern overgang til bachelorprogram i medier og kommunikasjon, dersom du vil studere meir. Du kan også bruke årsstudiet som frie studiepoeng i ein annan bachelorgrad.

Årsstudiet med spesialiseringsemne i medier og kommunikasjon gir undervisningskompetanse i medier og kommunikasjonsfaget i skulen.

Etter bachelorstudiet kvalifiserer ein til å søkje opptak til masterprogrammet i medier og kommunikasjon.

Meir informasjon under

Oppgygging

Studiet går over eitt år (to semester) og startar i august.

Du vel årsstudium med innføringsemne eller spesialiseringsemne ut frå kva for bakgrunn du har. 

Årsstudium med innføringsemne 

Passer for deg som ikkje har studert før. Er det same som første året i bachelorstudiet i medier og kommunikasjon.

1. semester (haust):

  • MEVIX100 Examen facultatum - Introduksjon til media og kommunikasjon (20 studiepoeng)
  • EXPHIL-SVSEM/EXPHIL-SVEKS Examen philosophicum - seminarmodell eller skuleeksamen (10 studiepoeng)

 2. semester (vår):

  • MEVI102 Mediebruk: Teori og metode (15 studiepoeng)
  • MEVI104 Retorikk og strategisk kommunikasjon (15 studiepoeng)

Årsstudium med spesialiseringsemne  

Passar for deg som har studert før, og vil komplettere tidlegare utdanning eller skaffe deg undervisningskompetanse.

1. semester (haust):

  • MEVI101 Medier: Institusjonar og bransjeforståing (15 studiepoeng)
  • MEVI103 Medietekster: teori og analyse (15 studiepoeng)

2. semester (vår):

  • MEVI102 Mediebruk: Teori og metode (15 studiepoeng)
  • MEVI104 Retorikk og strategisk kommunikasjon (15 studiepoeng)

Sjå oversikt over alle kurs

Studiekvardag

Som student på årsstudiet i medier og kommunikasjon vil du høyre til på Det samfunnsvitskaplege fakultet (SV-fakultetet). Du vil ha tilgang på lesesalplassar på blant anna Ulrike Pihls hus og biblioteket. Mykje av undervisninga vil også gå føre seg på Ulrike Pihls hus eller på SV-bygget (Lauritz Meltzers hus).

Fakultetet har også ein ny studentkafé, Diskuterbar, der du kan ha sosiale eller faglege møte med dine medstudentar over ein kopp kaffi.

Arbeidsmengda varierer frå emne til emne. Normalt vil du ha ei forelesing og eitt seminar i veka. I tillegg til dette kjem mellom 4-12 timar med workshops, som vi har på fleire av kursa. På alle kursa må du setje av tid til sjølvstudium. Du kan sjølv organisere lese- eller arbeidsgrupper i lag med medstudentar.

Det er lagt opp til ei aktiv læringsform slik at du på seminar, workshops og arbeidsgrupper vil produsere medieinnhald som podcast og film, lage medieundersøkingar, halde talar eller presentasjonar. Du må òg gi tilbakemelding til medstudentar sine presentasjonar eller oppgåver. Undervisninga går føre seg på norsk, skandinavisk og engelsk. Det same gjer litteraturen. Du finn timeplan og litteraturliste på emnesidene.

Les meir om studiekvardagen som student ved Det samfunnsvitskaplege fakultet

Utveksling

Det er ikkje mogleg å reise på utveksling på årsstudium.

Korleis søke

For å søke opptak på dette studiet må du ha generell studiekompetanse.

Søk her